Tjuv kom tilbake «litt slankare»
To butikktjuvar vart tekne på Europris i føremiddag.
Den eine tjuven vart halden attende med det same. Den andre sprang ut frå butikken, men kom tilbake litt etter før å hjelpa den andre.
- Vedkomande var då litt «slankare», melder politiet på Twitter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart gjort funn av tjuvegods i bilen utanfor butikken, og politiet følgjer no opp forholdet.
jostein@osogfusa.no