Kva meiner osingar, og har det noko å seia?
Det er ikkje godt å vita kva osingar inst inne meiner om bru over Bjørnafjorden. Den offentlege debatten har vore einsidig imot planane om bru, men like fullt har veljarane gjeve posisjonen høve til å sikra eit fleirtal kvar gong saka har vore oppe i kommunale organ.
Eg trur at veljarane i Os høyrer til ei av tre om lag like store leirar:
1. Dei som helsar brua velkomen
Artikkelen held fram under annonsen.
2. Dei som er klårt imot at brua kjem
3. Dei som er usikker eller finn brusaka uinteressant
Kvar av desse hovudgruppene er igjen oppdelt i undergrupper.
I gruppe 1 (brutilhengarar) trur eg vi finn ei relativ lita gruppe som ser fordelane ved bruprosjektet for entreprenørbransjen i Os og dei bedriftene i Os som driv med eksport. For dei sistnemnde vil 10-12 minutt kortare reisetid sørover representera ein fordel som kan kalkulerast i kroner og øre.
Fleirtalet i gruppe 1 trur eg har vanskeleg for å definera kva godt vi osingar får av brua, men har stor tiltru til at dei lokalpolitikarar og parti som frontar bru over Bjørnafjorden, veit best.
Langt betre
I gruppe 2 (brumotstandarar) meiner eg at vi finn at dei fleste delar Folkeaksjonen mot Bru over Bjørnafjorden sin ståstad – det indre alternativ rundt fjordbassenget er ei langt betre løysing for å gjera E39 ferjefri og skapa positive ringverknader for Tysnes og Fusa, samstundes som det vert enklare å knyta Bergen til Odda og heilårsvegen over Haukeli.
Hjå brumotstandarane finn ein og ein god del som av miljøomsyn stiller seg negativ til å gjera E39 ferjefri fordi prosjektet inviterer til sterk auke i biltrafikken.
Spelar ikkje lenger noko rolle?
I gruppe 3 (dei med eit mellomstandpunkt eller som kjenner seg mellom barken og veden) finn vi i alle høve to undergrupper.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den eine skjønar ikkje kvifor saka engasjerer så sterkt. Planane om bru vert uansett ikkje realisert. Den andre undergruppa meiner at toget alt er gått, og at det difor ikkje nyttar å kjempa mot prosjektet lenger.
I hovudgruppe 3 finn ein dermed både dei som er overtydd om at brua aldri kjem, og dei som er overtydd om at ho ikkje lar seg stogga. Svært få i denne gruppa ønskjer eigentleg monsterbrua over Bjørnafjorden, men meiner at avgjerda er teken ut or hendene våre, og at det difor ikkje lenger spelar noko rolle kva vi osingar meiner.
Det store fleirtalet er mot
Eg meiner at alle som kjenner seg heime i hovudgruppene 2 og 3 eigentleg er på same lag. Vi ser ikkje at fordelane med bru over Bjørnafjorden på noko vis kan vega opp for ulempene for oss som bur i Os. Eg trur at det til og med er mange av dei som kjenner seg heime i hovudgruppe 1, som har vanskeleg for sjå dei gode argumenta for monsterbrua.
Dermed meiner eg det er god grunn til konkludera med at det store fleirtal av osingane er brumotstandarar. Spørsmålet er om det spelar noko rolle kva vi meiner i denne viktige saka.
Personleg er eg overtydd om at toget langt frå er køyrd. Det er meir rett å sjå det som om toget framleis står på perrongen, og at det blir verande der i ganske lang tid enno.
Eit bevis på at så er tilfelle, er det faktum at Rogfast – kryssing av Boknafjorden – først no i vår er vedteken av Stortinget. Dette prosjektet har lagt langt framfor Hordfast i planprosessen, er eit langt mindre investeringsprosjekt, og framfor alt finst det ikkje eit alternativ med å koma rundt fjorbassenget. Skal Bergen–Stavanger bli ferjefri, må ein realisera den undersjøiske tunnellen for å kryssa Boknafjorden.
Hald krutet tørt
Hordfast vil ikkje koma til avgjerd i Stortinget før vi har lagt minst to stortingsval bak oss (i 2017 og i 2021), stipulerte kostnader er så langt to og ein halv gonger så høge som i Rogaland, og det har heilt frå starten av eksistert eit alternativ (det indre) som fleire og fleire no argumenterer for må utgreiast til same nivå som kryssinga over Bjørnafjorden.
Vi står soleis framfor ein lang politisk prosess der vi ikkje kjenner kva politikarar eller parti som vil sitja i førarsetet. Mannskapet som skal ta toget frå perrongen, er med andre ord korkje identifisert eller langt mindre på plass enno. Difor er det all grunn for oss som er motstandarar av monsterbrua å halda krutet tørt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det skal eg gjera nærare greie for i mitt neste innlegg.
Egil H. Haugland
Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden
jostein@osogfusa.no