- Forhandlingsutvalet må vita kva det skal forhandla om, påpeika Mikal Leigland (i midten) i formannskapsmøtet 30. september. Formannskapsmedlemene er positive til å bruka tomta sør for kommunetunet til å utvida Fjord'n senter.
- Forhandlingsutvalet må vita kva det skal forhandla om, påpeika Mikal Leigland (i midten) i formannskapsmøtet 30. september. Formannskapsmedlemene er positive til å bruka tomta sør for kommunetunet til å utvida Fjord'n senter.

Positiv til tomtesal

Fusa formannskap er positiv til å selja tomta sør for Kommunetunet til AS Sambygg. Forhandlingsutvalet må ha fullmakt frå det nye formannskapet før forhandlingane kan starta.

Det vart konklusjonen då Fusa formannskap diskuterte AS Sambygg sine planar om å utvida Fjord'n senter i Eikelandsosen på formannskapsmøtet i slutten av september.

- Det er bra at ein går vidare med saka. Men bør ikkje forhandlingsutvalet ha nokre føringar frå formannskapet før forhandlingane tek til? undra Mikal Leigland (Sp).

Artikkelen held fram under annonsen.

Tomta, som AS Sambygg ønskjer å nytta til utvidinga, ligg sør for Kommunetunet og vest for dagens senter. Han er eigd av Fusa kommune og er om lag 2.500 kvadratmeter stor.

- Eit slikt byggjeprosjekt vil vera eit bidrag til å vidareutvikla Leiro som senter for handel og sørvis. Dette er i tråd med måla i samfunnsdelen av kommuneplanen, skriv rådmann, Berit Fløisand i sakspapira.

Reell marknadsverdi

I søknaden til Fusa kommune frå mai 2015, spør AS Sambygg mellom anna om kommunen er villig til å akseptera aksjar i AS Sambygg som oppgjer for tomta.

- Tomta må ha ei reell marknadsverdi, understreka Leigland i møtet.

Asbjørn Heidal (KrF) peika dessutan på at Fusa kommune er nøydd til å få på plass ein ny områdeplan for Eikelandsosen så fort som mogleg. Reguleringsplanen som er gjeldande for området er frå 1986.

- Med ein ny områdeplan vert det lettare å sjå korleis ein kan nytta området på best mogleg måte, sa Heidal.

Føreslo Boge og Lang

Eitt av punkta formannskapet skulle ta stilling til i samband med saka, var kven forhandlingsutvalet skulle bestå av, forutan ordførar og rådmann.

Nokre formannskapsmedlemer tok til orde for å utsetja dette punktet til det nye formannskapet var på plass. Etter litt fram og tilbake vart representantane likevel samde om å føreslo nokre personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kandidatene må få litt tid på seg til å setja seg inn i temaet, sa Aud-May Boge (H) før ho vart føreslått som éin av kandidatane av avtroppande ordførar, Hans S. Vindenes (Sp).

Den andre Vindenes meinte ville passa til oppgåva, var Svein Lang (Sp).

- Vi stiller oss bak desse kandidatane. Vi ønskjer ikkje å splitta formannskapet, sa Atle Kvåle (Ap).

Tomtesalet skal handsamast av kommunestyret i Fusa i morgon. Møtet er det siste før konstituering av nytt kommunestyre 22. oktober. På saklista står også eigengodkjenning av kommuneplanens arealdel 2015-2027, mottak og busetjing av flyktningar 2015-2019, tertialrapport frå 1. september, politisk organisering 2015-2019 og ni andre saker.