Illustrasjon av felt B2 i Halhjemsmarka 3.
Illustrasjon av felt B2 i Halhjemsmarka 3.

Nytt felt i støypeforma

Os Bygg og Eigedom har ansvaret for utbygginga i felt B2 i Halhjemsmarka 3, og Helén & Partnes AS har laga spanande skisser for korleis dei ser for seg det ferdige bustadfeltet.

Søknaden om å få leggja framlegg til detaljregulering for felt B2 i Halhjemsmarka 3 ut til offentleg ettersyn stod på sakslista til planutvalet i Os torsdag.

Planområdet B2 er rundt 10 mål stort, og er ein del av eit alt utbygd planområde i Halhjems­marka 3. Os Bygg og Eigedom legg opp til ei konsentrert småhusbusetnad med opp til 40 bueiningar, leikeareal, fellesareal, gangareal og parkeringskjellarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sårbart

Sonja Vernøy Hansen peika på at området er sårbart når det gjeld sikt frå sjøen, og bad om at utbyggjar tok særleg omsyn til dette. Ho lurte også på kva det store blå feltet i den eine illustrasjonsteikninga var. Prosjektleiar Ottar Randa i OBE var til stades på møtet, og fekk høve til å svara på spørsmålet, og sei nokre ord om planen.

-Det blå feltet er eit basseng med fossefall, forklarte han og viste fram illustrasjonen Vernøy Hansen sikta til.

- Me har lagt ned mykje arbeid for å få det ytre rommet så fint som råd er. Me satsar på to- og tremannsbustader framfor store, dominerande bygningskroppar, og me tek omsyn til soltilhøva, tomta og naturen når me plasserer husa, sa han.

Gangtrasé mellom felta

Ifølgje planen skal det etablerast ein køyrbar gangveg inne i planområdet, slik at eventuelle utrykningskøyrety skal kunna nå bustadene ved behov. Denne gangvegen vil knyta austre og vestre plandel saman med dei andre planområda, slik at det vert ein samanhengjande gangtrasé.

Tilkomst for bebuarane vert mot sydaust, med direkte innkøyring til garasje/bodanlegg. Det skal også tilretteleggjast for nokre p-plassar på bakkenivå, saman med avfallshanderingsstasjon.

Eit samrøystes planutval godkjente torsdag å leggja forslaget til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn.