Friluftskurs for skuleelevar
Måndag inviterer kommunen til kurs i friluftsliv for ungdomsskuleelevar.
Kurset går frå måndag til onsdag, og vil ha base på Ramsholmen. Hovudvekta vil vera på bruk av kajakk. Det blir også tur med seglskøyte, klatring og spikking, opplyser kommunen på sine heimesider.
Instruktør vert Vidar Øvredal, som er frilufts- og leirskulelærar og også kajakkbyggjar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen opplyser at det er førstemann til mølla. Det er plass til ti deltakarar.