Det spirer og gror i ridemiljøet
Laurdag arrangerte Moldegaard Ryttersportsklubb sprangstemne ved Stall Moldegaard i nydeleg sommarvær.
I tillegg til dei vanlege klassane, blei der arrangert eigen sprangklasse for klubbens eigne ryttarar, som for første gong skulle få prøva seg på stemne.
- Dei fleste ryttarane i denne klassen kom frå rideskulen Aktiv hest, som held til på Moldegaard, fortel Iril Ulvøen
Artikkelen held fram under annonsen.
i Moldegaard Ryttersportsklubb.
Det var om å gjera å koma feilfri gjennom ridebanen, ikkje riva ned hinder eller stoppa foran hinderet.
- Dette klarte dei fleste unge ryttarane, så det spirer og gror i ridemiljøet på Os, konstaterer Ulvøen og held fram:
- Alle storkoste seg i det varme sommarveret.
Totalt var det 63 startande i løpet av stemnedagen laurdag, og klubben venta endå fleire søndagen.
jostein@osogfusa.no