Lysekloster-trenar Ørjan Sandal og Styreleiar Svein Kollen ser fram mot ein ny sesong, og er alt godt i gang med å byggja lag.
Lysekloster-trenar Ørjan Sandal og Styreleiar Svein Kollen ser fram mot ein ny sesong, og er alt godt i gang med å byggja lag.

Lysekloster byggjer lag

15 spelarar frå 2. divisjon til og med Tippeligaen bankar på døra for å få koma til Lysekloster. - Det er stadig nye spelarar som tek kontakt, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

I dag fekk ein kvoteflyktning frå Syria prøva seg i Lysefjorden. Det viste seg at han ikkje nådde heilt opp til nivået som krevst. I løpet av dei neste vekene vil fleire spelarar få prøva seg, men kanskje det viktigaste er at klubben har signert nye kontrakter med brorparten av spelarane frå i år.

- Me har eit utruleg godt fotballag. Me har ikkje tapt i år, seier Svein Kollen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Spelarane tek sjølv kontakt og seier at dei ønskjer å vera med vidare. Det er ikkje slik at me har måtte overtala nokon.

Ståle Steen Sæthre i ny rolle

For trenar-troikaen har det heller aldri vore ei bekymring om spelarane ønskte å vera med vidare.

- Me veit at dei ønskjer å vera med vidare. Det har å gjera med miljøet me har skapt, og at dei har det utruleg kjekt, samstundes som dei er del av eit godt fotballag, seier trenar Ørjan Sandal.

Kaptein Baste Jonassen har signert ny kontrakt. Det same har sentrale spelarar som Sindre Flaa, Sigve Rørstad, Aleksander Andersen, Christer Olsen, Joakim Hjelmeland, Chris Sunde Midtun, Hans Christian Nysæther og Ola Sjømæling.

Espen Birkeland er vekkreist og skal signera når han er attende. Ståle Steen Sæthre er så godt som klar, og kjem til å gå inn i ei ny rolle i klubben i tillegg til å vera spelar.

- Dei fleste har signert kontrakt ut 2017. Gojko Ivkovic har me munnleg kontrakt med ut 2018. Han signerar i slutten av månaden, seier Kollen.

Fleire vil få tilbod

Fleire kjem til å få tilbod om kontraktar. Preben Skorpen, Tommy Gaustad, Øystein Takle Eide og Harry Moore er tenkt plassar i troppen. Dei andre som ikkje er nemt, er ikkje nødvendigvis ute i kulda.

- Nei, det er ikkje slik at me ikkje ønskjer dei med vidare. Det kan henda at fleire får tilbodet om å vera med vidare, seier Sandal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, alt er ikkje meisla ut enno. Trenarkabalen er me heller ikkje heilt ferdige med, legg Kollen til.

Lønstak og proffkontraktar

Om lag halvparten av Lyseklosters spelarar er no på proffkontrakt.

- Me har eit lønstak, men det er ikkje noko som er av interesse for andre, seier Kollen og legg til:

- Me hadde kontakt med ein spelar for ikkje så lenge sidan. Han høyrer til i 2. divisjon. Han sa at han hadde fått tilbod på om lag 15.000 kroner netto utbetalt pluss bonusar i månaden i sin noverander klubb, og ønskte eit betre tilbod frå oss. Då sa eg at han berre kunne koma seg heim att.

Tippeligaspelarar på prøvespel?

Måndag 16. november startar sesongoppkøyringa. Då kjem det til å vera mange nye andlet innom på Lyseklosters treningar i Vestlandshallen.

- Det er 15 spelarar som ønskjer å få prøva seg hos oss, men det er ikkje truleg at alle får lov, seier Kollen.

- Det er stadig nye spelarar som tek kontakt også, seier Sandal.

Spelarane det er snakk om høyrer til i Tippeligaen, 1.- og 2. divisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

- De vil kanskje ikkje nemna namn, men det er vel nærliggjande å tru at Tippeliga-spelarar er dei som er mest interessante for dykk?

- Ikkje nødvendigvis. Spelarane skal passa inn i gruppa. Det er veldig viktig. Det er ikkje så nøye om dei kjem frå Tippeligaen eller 2. divisjon. Me har uansett alt ein veldig god tropp, seier Sandal.

Klubbar har forhørt seg om spelarar

Etter ein sesong utan tap, med eit lag som til tider har storspelt, er det ikkje rart om andre lag har fatta interesse for nokre av spelarane i Lysefjorden.

- Det har vore kontakt, ja. Det gjeld nokre av spelarane. Ingen av dei ønskjer å dra vidare. Dei trivst så godt hos oss, seier Kollen.

- Ein må hugsa på at det berre er Åsane og Brann som er høgare rangert enn oss i bergensregionen no. Om ein av våre spelarar hadde fått eit tilbod frå Brann med lovnader om speletid, så trur eg sjølvsagt at han ville tatt i mot det tilbodet. Men elles ser eg ikkje noko grunn til at dei skal gå frå klubben, seier Sandal.