Utdanning: På terskelen til ein ny kvardag
Medan Inger Elin Orra (15) og Julie Nygård Johnsen (15) har tatt valet allereie, lurer Lars Henning Fosse framleis på kva han skal fylla dagane med neste haust.
- Eg vurderer TIP, TAF marin, gymnas eller elektro, seier 15-åringen.
Truleg vert det eitt av dei meir praktiske alternativa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er glad i å arbeida praktisk. Nett no er det litt vanskeleg å bestemma seg, men eg skal klara det innan fristen går ut 1. mars. Eg kjem truleg til å velja ut frå eigne interesser, seier Fosse, som til liks med dei to jentene er elevar i 10. klasse på Fusa ungdomsskule.
For Julie Nygård Johnsen har kursen vore staka ut i lang tid allereie. Då ho var 5 år bestemte ho seg for å bli lege.
- Eg var innlagt på Haukeland, og vart veldig fascinert over korleis legane jobbar, fortel ho.
Ti år seinare er ho framleis like sikker i yrkesvalet sitt. Til våren kjem ho til å søkja om opptak på TAF Helse på Fusa vidaregåande skule.
- Målet er å kunna realisera draumen. Eg har snakka med andre som går på TAF Helse, og dei synest det er veldig greitt. Ved å velja TAF framfor studiespesialiserande får ein vera litt i praksis også, og det synest eg er veldig bra, seier Johnsen.
I fotspora til faren?
Inger Elin Orra ser òg føre seg fire år med vidaregåande opplæring etter å ha fullført ungdomsskulen. For henne er førstevalet TAF Mekanisk. Kanskje går ho i fotspora til faren Sondre, som driv verksemda Sondre L. Orra Mekanisk og Transport.
- Eg har vore med far min på jobb og sett kva han driv med. Eg synest det verkar interessant. Ved å velja TAF får eg høve til å ta både fagbrev og artium. Dermed har eg mogelegheit til å velja akkurat det eg vil seinare i livet, seier 15-åringen.
Om ho ønskjer å verta del av familieverksemda når ho er ferdig utdanna, har ho ikkje teke stilling til enno.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg er litt usikker på om det er rett veg for meg, seier 15-åringen.
Fristen for å søkja vidaregåande opplæring er som nemnt 1. mars. Innan den tid skal Lars Henning bruka tida godt og setja seg inn i dei ulike utdanningsalternativa.
- Eg skal tenkja på kva eg verkeleg har lyst til å gjera, og kva eg kan sjå føre meg at eg skal driva med i framtida, seier han.
Utdanningsmesser og open dag på Fusa vidaregåande skule vil truleg vera til god hjelp for 15-åringen. Det er òg mogleg å hospitera på skulen dersom ein vil testa ut faget ein vurderer.
- Nett no har eg ikkje peiling på kva eg har lyst til å jobba med når eg vert vaksen, men eg vert nøgd dersom eg får ein jobb som eg synest er interessant, seier han og smiler.
Meir sjølvstendige
Sjølv om ikkje heile trekløveret har bestemt seg for kva dei vil gjera til hausten, gler alle seg til å ta fatt på ein ny epoke i livet.
- Å gå på vidaregåande verkar veldig spennande. Ein får på ein måte prøva seg på vaksenlivet, ta eigne val og verta meir sjølvstendig. Det vert meir alvor, seier Johnsen.
- Eg ser føre meg at det er meir motiverande å jobba, og å gjera ein god innsats når ein går på ei line som ein interesserer seg for og som ein likar, legg Fosse til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva ser de mest fram til?
- Å møta nye folk og få nye vener, og å arbeida med ting som eg interesserer meg for, seier Orra.
- Og så vert det kjekt å skifta skule etter tre år på ungdomsskulen, legg Johnsen til.
Eg vurderer TIP, TAF marin, gymnas eller elektro.
Lars Henning Fosse (15)