Natt til laurdag stogga politiet i Os to fartssyndarar, og to som køyrde bil med promille. (Arkivfoto)
Natt til laurdag stogga politiet i Os to fartssyndarar, og to som køyrde bil med promille. (Arkivfoto)

To tatt for promillekøyring

Ein mann og ei kvinne vart natt til laurdag teken for promillekøyring i to separate hendingar. I bilen til mannen vart det òg funne ein mindre mengde narkotika.

Bilistane vart stogga i nærleiken av Os sentrum.

- Mannen og kvinna hadde promille over den tillatne grensa, opplyser vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til dei to tilfella av promille, vart to billistar 2.900 kroner fattigare i løpet av natta. Den eine køyrde for fort i 60-sona på Søfteland, den andre hadde for høg fart i 50-sona i nærleiken av Os sentrum.