Skule- dagar i uvissa
Ein ny skule på fusahalvøya er ein utopi. Det meiner FAU-leiar ved Strandvik oppvekstsenter, Tone Andreassen Vik. Torsdag vitja «Os og Fusaposten» ein av skulane som no står i fare for å verta nedlagt.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom Fusa kommune har økonomi til å byggja éin ny skule, bør pengane brukast på ein ny ungdomsskule i Eikelands-osen. Finn kommunen pengar til endå eit nytt skulebygg, bør barneskulen i kommunesenteret prioriterast. Men å tru at Fusa kommune, som slit med å få endane til å møtast, skal ha råd til tre nye skulebygg på kort tid, er ifølgje Vik, heilt urealistisk.
- Det er ein utopi, seier ho.
Kroken på døra?
Det er torsdag morgon. Om ei veke får oppvekstsenteret, der skulen og barnehagen vart samlokalisert, så seint som i 2013, mest sannsynleg nådestøyten. Ifølgje rådmannen sitt framlegg til vedtak, skal skulen stengja dørene frå hausten 2016, og dei om lag 50 elevane skal flyttast 13 kilometer lenger vest, til Fusa oppvekstsenter.
FAU-leiaren og dei tilsette ved Strandvik oppvekstsenter forstår ikkje korleis administrasjonen, og fleirtalet av politikarane har kome fram til ein slik konklusjon.
- Heilt sidan skulen vart organisert som eit oppvekstsenter i 2006, har foreldre og tilsette arbeidd for at skulen og barnehagen i bygda skulle verta samlokaliserte. Det var ein kjempedag med ein stor opningsfest då barnehagen endeleg kom på plass i september 2013. Det er berre to år sidan, seier rektor Heidi Baldersheim medan ho viser avisa frå rom til rom.
SFO-avdelinga ligg vegg i vegg med barnehagen, og var ein del av utvidinga i 2013, det same gjeld kontora til barnehagestyraren og rektor, samt pauserommet til dei tilsette.
- Barnehagen og skulen er bygd saman på ein funksjonell måte. Det nye pauserommet gjorde at vi fekk plass til eit større og betre arbeidsrom for dei tilsette ved skulen, seier Baldersheim.
Gymsalen og skulekjøkenet er også forholdsvis nytt. Sistnemnte vart bygd med hjelp frå Strandvik sanitetsforeining.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sanitetsforeininga lånte ut pengar til kommunen. Rentefritt, påpeikar rektor.
- Vankunne og arroganse
Det som forundrar FAU-leiaren og dei tilsette mest, er at ingen har vore og sett på skulen. Korkje konsulentane som forfatta rapporten som ligg til grunn for eit eventuelt vedtak, eller politikarane som til sjuande og sist får det siste ordet i saka.
- Med utgangspunkt i dei fasilitetane som finst her, og det faktum at politikarane ikkje veit kva dei sparar på å slå saman skulane, så meiner eg at avgjerda er basert på både vankunne og arroganse, seier lærar og tillitsvalt, Sverre Vindenes.
Vindenes trur politikarane har kasta seg på sentraliseringsbølgja utan eigentleg å tenkja over kva konsekvensar det får.
- Eg fattar det ikkje, seier læraren og legg til:
- Det er ein svakheit ved lokaldemokratiet at politiske parti kan danna konstellasjonar på tvers av eigne verdigrunnlag.
Først ei god stund etter at vedtaket eventuelt vert fatta, får dei tilsette vita om og kvar dei har ein jobb å gå til i framtida også.
- Per dags dato veit vi ingenting om kva som skjer med dei tilsette. Vi må nok leva i uvissa til langt utover våren, seier Baldersheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og det gjeld ikkje berre dei tilsette ved Strandvik oppvekstsenter. Det gjeld alle dei tilsette i skuleeininga i Fusa kommune, legg Vik til.
FAU-leiaren meiner at dersom økonomi verkeleg er årsaka til at skulane vert stengte, så bør Fusa kommune få utarbeidd ein uavhengig tilstandsrapport for alle skulane i kommunen.
- Dei må sjå på skulane og ta ei vurdering ut i frå det, seier Vik som har invitert samtlege kommunestyremedlemer til Strandvik denne veka.
- Det gjenstår å sjå om nokon kjem, seier ho.
Endring med negativt forteikn
Til neste år er Strandvik oppvekstsenter 50 år. Om lag halvparten så gamal som skulen elevane vert føreslått flytta til. Baldersheim trur endringane i skulestrukturen hadde vorte mottekne annleis, dersom endringa hadde vore til det betre for alle elevane.
- Fasilitetane vi har i Strandvik er gode. Frå neste haust vert vi bedne om å flytta inn i ein skule som ikkje er fullt så bra, seier rektoren og legg til:
- Eg snakkar ikkje om innhaldet i skulen, men om dei fysiske forholda. I tillegg forsvinn det nære og gode samarbeidet med barnehagen.
- Skulane i Fusa leverer kvalitet, det veit vi. Det har ingenting med det å gjera. Men det fysiske miljøet til borna våre vert vesentleg dårlegare enn det det er i dag. Korleis i Guds namn kan dei tru at vi synest at det er ein god idé, spør Vik.
Artikkelen held fram under annonsen.
FAU-leiaren meiner at det mest graverande med heile saka er at dei same politikarane (Ap, Frp, KrF og V) som i kommunestyremøtet i juni, gjekk inn for å leggja skulestrukturen i Fusa ut på høyring, i valkampen same haust - tre veker før høyringsfristen gjekk ut - konkluderte med kva skular dei meinte burde avviklast.
- Eg vert sveitt, forkava og lei meg på politikarane sine vegner. Du trur du skal verta høyrt, men dei held oss jo for narr, seier Vik og legg til:
- Og no seier dei at dei støttar seg på administrasjonen si vurdering når det gjeld kva skular som skal verta nedlagde. Nei, eg klarar ikkje å sortera tankane ein gang, seier ho og reiser seg.
Mjuk overgang
På pauserommet går diskusjonen friskt. Fleire kjem til, og tek del i samtalen.
- Resultatet av skulekampen er jo at det vert oppretta privatskular. Kva har kommunen oppnådd då, spør Vindenes.
- Alle forstår den økonomiske situasjonen til Fusa kommune, men ein må jo kunna sjå at tiltaka ein føreslår verkeleg fører til innsparingar før ein gjer noko, seier Vik, som trur at barnehagen i bygda også kjem til å forsvinna som ein konsekvens av skulenedlegginga.
Fagarbeidar Linda Elise Helland understrekar at ikkje alt kan målast i pengar. Det verdfulle samspelet mellom elevane og barnehageborna, og den mjuke overgangen frå barnehage til skule/SFO, til dømes.
- Vi ser kor trygge borna er når dei byrjar på skulen, seier Helland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho forstår ikkje kvifor kommunen vil endra på noko som fungerer.
- I oppvekstsenteret vårt får vi det vi treng, både som born, foreldre og arbeidstakarar.
17. desember vert vedtaket om å leggja ned skulane i Strandvik og på Holdhus truleg fatta. Dagen etter tek tilsette og elevar juleferie.
- Usikkerheita har gjort hausten svært krevjande. Eg vil rosa personalet som står i dette kvar einaste dag. DEi gjer ein eineståande jobb. Tysdag og onsdag i neste veke er det juleavslutning med musikalen «Den levande skogen». Nett no er fokuset vårt retta mot det, og mot å vera her for elevane våre. Det er det som er oppgåva vår, understrekar Baldersheim.
«Os og Fusaposten» har vore i kontakt med Holdhus oppvekstsenter i samband med reportasjen. Skulen ønskte ikkje å vera med på ein tilsvarande reportasje.