Musikalsk vandring i Oseana
Arne Benoni tek tilhøyrarane med på ei vandring i countrymusikken sin historie. 6. november står han på scena i Oseana.
Fredag 6. november inviterer Benoni til kabaret i Oseana kunst- og kultursenter på Osøyro.
- Kabareten har fått namnet "En vandring i countrymusikkens historie", og tek føre seg Benonis allsidige kunnskap om amerikansk musikkhistorie, både i ord og tonar, går det fram av ei pressemelding frå Benonis management.
Artikkelen held fram under annonsen.
På repertoaret står låtar av artistar som Jimmie Rodgers, Hank Williams, Jim Reeves, Patsy Cline, Glenn Jones, Johnny Cash, Lynn Anderson, Johnny Lee og Kitty Wells.
- Mange av dei har Benoni hatt gleda av å arbeida saman med, både på scena og i studio, heiter det i pressemeldinga.
Arne Benoni vart tidleg oppteken av musikk. Før han oppdaga countrymusikken, lytta han til alt frå klassisk musikk til opera.
I 1965, 14 år gamal, byrja han å opptre, og i 1982 kom den første LP-plata hans, "Blue Boy".
I Oseanan står Benoni på scena i lag med gitarist Tore-Morten Andreassen Figenschow. Duoen har halde nesten 100 konsertar i lag.
- Saman utgjer Benoni og Figenschow eit komplett historieverk. Benoni med sin djupe og klangfulle stemme og Figenschow med sin genuine kommentarar og avanserte gitarspel, skriv manager Ernst Solheim-Amundsen i pressemeldinga.
Benonis førebels siste plater vart gjevne ut i 2007. Då kom "Some Old And Some New" og "I'm Coming Home".