Arrangerer WAL-kvalik i AMFI Os
Ikkje sidan NM i Oseana i 2011 har Os Handbakklubb husa eit større arrangement. Laurdag 26. november brakar det laus i AMFI Os.
Den første kvalifiseringsrunden til den store WAL-finalen (World Armwrestling League) i Las Vegas vart i fjor arrangert i Skien. Denne gongen var landslagssjef i handbak David Eilertsen krystallklar på at kvalifiseringsrunden skulle arrangerast på Vestlandet, og då gjerne i bygda der mange av dei beste handbakutøvarane kjem frå, nemleg Os.
Os Handbakklubb tok utfordringa.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er eit stort ansvar å ta på seg, men me synest jo det er litt stas også. Fem år etter at me arrangerte NM i Oseana, er det på tide at me gjer noko stort og profilerer oss litt i heimbygda, seier nestleiar i Os HK, Renate Flatland.
Sambuaren hennar og leiar i klubben, Frode Veim Haugland, nådde finalen i årets WAL. Han har eit klinkande klart mål for 2017.
- Eg skal til topps i den konkurransen. I sommar var det stong ut og femteplass som beste plassering. Neste år skal eg vinna finalen i Las Vegas, seier mannen som vert karakterisert som Noregs beste armbrytar.
Ut til folket
Då dei byrja å sondera terrenget kring kvar dei skulle ha stemnet, var det ein ting som var ekstra viktig. Det var å nå godt ut til folket.
- Det er ikkje alle i klubben som er like glad i å stikka seg fram i eiga bygd, men det får dei heller tola denne gongen, humrar Renate.
Klubben har nemleg bestemt seg for å arrangera heile handbak-konkurransen i første etasje på handlesenteret AMFI Os.
- Me må markera oss som klubb. Samstundes er det ein underhaldande idrett me driv med. Då er det viktig at mange får høve til å sjå oss. I ein gymsal på Nore Neset ville berre dei aller mest interesserte ha kome. På senteret vil me nå ut til langt fleire. Det blir kjempemoro, seier ho.
Frode har ikkje noko imot å visa seg fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur det blir kult. Det er andre i klubben som er mindre glad i den slags, men av omsyn til Tore Matre, skal eg ikkje nemna namn, ler Frode.
Stiller med 20 utøvarar
Totalt sett håpar Os HK å samla i overkant av 50 deltakarar.
- Ettersom dette er eit kvalifiseringsstemne for ein større internasjonal konkurranse kjem det ikkje like mange deltakarar som under eit NM, men det er likevel bra med utøvarar i Noreg som har lyst til å delta og prøva å ta seg vidare til kvalikrunde nummer to i England litt ut på nyåret, seier Renate.
- Bergen HK kjem til å koma med mange. Dei satsar hardt for tida og har rekruttert fleire sterke utøvarar, seier Frode.
Sjølv reknar dei med at Os HK klarar å stilla med minst 20 utøvarar.
- Det er nytt av året at også kvinner kan stilla. Me reknar med at Andrea Drange, Lisbet Fagerheim og Irmelin Austefjord er klare, seier Renate.
- Og du, repliserer Frode.
- Me får sjå. Det krev jo litt å vera ansvarleg for arrangementet også, men om eg har overskot, skal eg stilla, smiler Renate.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode sjansar
I årets WAL-kvalik i Skien gjekk Tore Matre, Ronny Risøen og Frode Veim Haugland vidare til andre runde. Denne gongen har klubben mål om å få vidare langt fleire.
- Det er tre vektklassar for damer og fire for menn. Frå kvar vektklasse går dei seks beste vidare til kvalifiseringsrunden i England. Dersom me er flinke til å fordela utøvarane våre i ulike klassar, skal me ha bra sjanse for å kvalifisera minst 10 utøvarar, meiner Renate og Frode.
Artig innslag
Senterleiar ved AMFI Os, Silje Lygre, synest det er kjekt at Os HK kjem til dei for å arrangera handbakkonkurranse.
- Dette blir veldig moro. Etter det eg veit er det første gong at ein slik type konkurranse vert arrangert hos oss, seier Lygre.
I lag med Os HK vil ho planleggja nærmare korleis dei skal gjera det reint praktisk i høve med å leggja til rette for publikum.
- Me får ta ei befaring når det nærmar seg. Det er jo litt vrient å forutsjå kor mange som vil koma. Det blir spennande, seier Lygre.
Etter konkurransen skal Os HK invitera til bankett. Problemet er berre kvar.
- Renate og eg har nett bygd nytt hus på Halhem. Gjengen i klubben seier at me bør ha banketten der, men det spørst om det er så praktisk. Fest skal det i alle høve blir. For alle som er med på arrangementet, lovar "the pair in arms".