Rusa mann funnen i grøft
I 19-tida torsdag, fekk politiet melding om ein mann som låg i grøfta i Kuvågen.
– Det viste seg å vera ein mann som hadde drukke for mykje. Han var godt rusa. Mannen blei teken hand om av politiet og helsevesen. Det enda med at han fekk seg ein tur i arresten for å sova ut, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Tjuveri av sykkel
På Nore Neset, ved ungdomsskulen, blei ein sykkel stolen i går kveld.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi fekk meldinga i 21.30-tida. Sykkelen er av merket Kona. Han er svart og har kvite demparar, fortel Hadler-Olsen.
I går kveld blei det også meldt om brann ved Banktjønrnet. Brannvesenet var raskt på staden og fekk raskt kontroll.
– Det er ein til to kvadratmeter som har brent. Vi har vore på staden for å undersøkja, men førebels er vi usikre på årsaka til brannen. Vi har oppretta ei undersøkingssak, fortel Hadler-Olsen.