Sykling i Os kan få eit kraftig oppsving dersom Vegvesenets sine kalkylar slår til.
Sykling i Os kan få eit kraftig oppsving dersom Vegvesenets sine kalkylar slår til.

800 millionar kroner til sykkelvegar i Os

Sykkelveg over Bjørnefjordsbrua med ilandføring i Søre Øyane, samt sykkelvegnett frå Halhjem til Søfteland, er noko av det Vegvesenet vurderer å bruka dei 800 millionane på.

I vår la Statens Vegvesen fram ei kalkyle for investeringsbehov langs riksvegane i Noreg fram mot 2050. Under hovudstrekkja E39 Aksdal - Os, står først investeringsbehovet for firefelts motorveg, nemleg 27,4 milliardar kroner. Deretter følgjer «Sykkelveg, Os» inkluduert fortau, kostnadsrekna til 800 mill. kroner.

Overraska ordførar

Ordførar Terje Søviknes er overraska - for å seia det forsiktig - over dette reknestykket, når «Os og Fusaposten» legg det fram for han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dersom dette blir realisert, er det klart det vil vera spanande med sykkelveg frå Tysnes til Os - særleg som turistattraksjon, seier Søviknes.

Han har nyleg takka ja til å sitja i styret for «Bergen 2017», som har ansvaret for sykkel-VM i byen om to år.

- Gjennom det vervet høyrer eg frå sykkelmiljøet at sykkelnettet gjennom Os er eitt av dei beste i Hordaland. På fylkesvegnettet vårt er det derimot fleire stader me kunna tenkja oss nokre av desse pengane - tenk på Hatvik til Os, til dømes, seier Søviknes.

Men dersom denne fylkesvegen skal få nytte av pengar som er øyremerkt riksveg eller europaveg, må vegen i såfall definerast som tilførsleveg til Kyststamvegen E39.

Tursykling og sykkelpendling

Signe Eikenes, prosjektleiar for Ferjefri E39, seier til lokalavisa at dei 800 mill. kronene er eit veldig grovt overslag.

- Men me har sagt at det skal vera mogleg å sykla over brua over Bjørnefjorden. I så fall må den rampast opp på Søre Øyane og inn på det lokale vegnettet, seier Eikenes.

Planen er ikkje konkret, og det er for tidleg å seia om dette verkeleg vert ein del av motorveg-prosjektet, eller om det kjem som separat prosjekt, legg ho til.

- Men at det er behov for meir sykkelveg i Os, det ser me. Det er også eit poeng at det nasjonale sykkelnettet manglar ein link dersom ferjene blir fjerna. Dermed må bruene me erstattar ferjene med, også ta høgd for dette, legg ho til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ferjefri E39 skal byggjast for å knyta saman dei store tettstadene. Å pendla med sykkel er vel mindre aktuelt?

- Ja, over Bjørnefjorden snakkar me meir om tursykling og friluftsaktivitet. Men sykkelen bruker ein også til dagleg, og då er det viktig å kunna sykla fram til eit større knutepunkt med busshaldeplass, for så å ta bussen til jobb, seier Eikenes.

Vil ha sykkelveg til Halhjem

Reidun Instanes, som er ansvarleg for Statens Vegvesen sitt arbeid med sykkelnettet i Hordaland, nemner eit anna konkret behov i Os, som ho har meldt inn til arbeidet med den komande nasjonale transportplanen.

- Det er behov for eit betre sykkeltilbod frå Halhjem og nordover. Nokre stader er det ikkje gang- og sykkelsti, medan det nokre stader er lokalveg med fortau. Det eg ser for meg er ein separat gangveg og ein separat sykkelveg samanhengande i eit nett fram til Søfteland, seier ho.

- Kvifor skal gåande og syklande vera separerte?

- Det ligg i våre malar at når fleire enn 50 personar ferdast på ein veg, bør gåande og syklande ha kvart sitt felt. Då blir det meir attraktivt både å gå og å sykla, seier Instanes.