Greip raskt inn - forhindra mobbesak
Som fersk førsteklassing opplevde guten til Tone Lise Moberg å bli krenka på skuleplassen. Takk vere rask inngripen og effektive tiltak frå skulen si side, utvikla det seg aldri til ei mobbesak.
Ein av det første dagane 6-åringen var på skulen, skjedde det at han stod åleine i eit friminutt. Nokre eldre gutar kom bort til han - ikkje for å invitera han med på leik, men for å levera følgjande beskjed: "Du kjem aldri til å få nokre vener her. Du vil alltid gå åleine".
Den ferske førsteklassingen sa ingenting heime dei første dagane. Den stygge språkbruken heldt fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Etter ei veke fortalte han det. Den natta fekk eg ikkje sova. Eg var så opprørt. Det var vondt å måtta venta heilt til neste dag med å fortelja skulen om problemet, seier Tone Lise Moberg.
Klokka 8.30 neste dag var ho på telefonen. Skulen lova å undersøkja saka.
Men så skjedde den kanskje verste episoden. Det skjedde ikkje på skulens grunn, og involverte heller ikkje dei same gutane. Men episoden var opp-skakande for både førsteklassingen og mora.
- Etter fotballtrening hamna han i slåstkamp, og kom heim med eit blødande sår, fortel Moberg.
- Eg prøvde å snakka med foreldra. Dei hadde vondt for å tru at guten deira hadde vore involvert i noko slikt. Sidan dette ikkje skjedde i skuletida vart ikkje skulen involvert direkte, men dei tok i alle fall tak i det problemet som hadde med skulen å gjera, seier Moberg.
Tok saka på alvor
- Kva gjorde skulen?
- Eg vart invitert med på eit møte der både rektor, inspektør og lærar var til stades. Eg opplevde at dei tok saka på høgste alvor. Deretter sette dei raskt i gang tiltak for å forhindra at tilsvarande ting skjedde igjen. Aktivitetar vart sett i gang i friminutta, slik at han aldri vart gåande åleine. Ein periode var det ein vaksen som følgde med han i kvart friminutt. Det viktige for meg var at han ikkje blei gåande heilt åleine. Du er utruleg sårbar som førsteklassing, seier Moberg.
- Fekk dei større gutane tilsnakk?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ikkje så vidt eg veit, og det synest eg var litt dumt. Men skulen visste ikkje kven det var som stod bak, og dei syntest det var litt vanskeleg å gripa fatt i saka sidan guten ikkje hadde sagt noko før det var gått fleire dagar, seier mora.
Alt i alt er ho nøgd med skulen og måten dei takla saka på.
- Møtet med skulen har vore veldig positivt. Eg føler at guten min blir sett, og eg føler meg sett som forelder. Det viktigaste for meg i denne saka er jo at det som var vondt slutta, og det gjorde det, seier Moberg.
- Korleis går det med han no?
- No går det heldigvis veldig bra. Han har fått seg vener, og trivst godt i klassen. Dei vaksne er blide og ansvarlege. Dei har masse triveselsaktivitetar og er flinke til å engasjera elevane i leik, seier Moberg, og legg til:
- Denne saka kunne fått eit trist utfall, men sidan det vart teke tak i raskt, blei det heldigvis stoppa før det utvikla seg til noko meir.
To råd til andre
Ho oppfordrar foreldre som opplever noko tilsvarande å kontakta skulen så fort det skjer. Eit anna råd er å invitera medelevar heim til familien.
- Me vaksne kan hjelpa til med å knyta kontaktar. Me har invitert gutane på middag, eller med på turar, slik at dei kan få eit godt miljø seg i mellom, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I Os har me nulltoleranse for mobbing
Det seier Per Olav Sørås, fagsjef for skulane i Os kommune. Han legg til at skulane her er gode på å ta tak i situasjonar etter kvart som dei oppstår.
I tillegg til praktisk erfaring som rektor har Per Olav Sørås jobba med å gje råd til skular om mobbeproblematikk. Dette i kraft av å vera med i eit rettleiarteam (der også Håvard Ragnhildstveit frå Fusa er med) som spring ut av Læringsmiljøsenteret i Stavanger.
Klarer seg godt i Os
Sørås er glad for å høyra at skulen tok raskt fatt i problemet som oppstod, og seier at skulane i Os generelt har gode rutinar for å sikra alle elevane eit godt skulemiljø.
- Os-skulane figurerer ikkje i listene over dei skulane i Hordaland som har høge mobbetall. Når det er sagt, er eitt mobbeoffer eitt for mykje. Me skal praktisera nulltoleranse, seier Sørås.
Råd til skular
- Kva type råd gjev du til skular når det gjeld mobbing?
- Det viktigaste er at alle skular dagleg jobbar aktivt med læringsmiljøet og dermed er med på å førebyggja mobbeproblemet. Det skjer ved å skapa eit godt læringsmiljø der alle elevane er inkluderte. Klare og tydelege reglar, god klasseleiing, godt heim-skule-samarbeid, fadderordning og trivselsprogrammet er faktorar for å skapa eit godt læringsmiljø.
- Det er også svært viktig at skulen lyttar nøye når foreldre eller elevar tek kontakt og fortel at ein elev ikkje har det greitt på skulen. Skulen må aldri bagatellisera, men ta kvart tilfelle på alvor og undersøkja, fylgja opp og setja inn tiltak i samarbeid med heimen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Må alltid undersøkja først
Dette siste poenget meiner han er viktig å understreka. Det finst døme på tilfelle der skular har iverksett tiltak mot mobbing umiddelbart, utan å sjekke ut dei faktiske forholda. I alle saker må me prøva å avdekka, undersøkja og så setja inn tiltak for å stoppa mobbinga. Os kommune har utarbeidd ein internkontroll og prosedyrar etter opplæringslova.
- Som skuleeigar må me sikra eit forsvarleg system for å vurdera om krava i opplæringslova og forskrifta til lova vert oppfylte.