Moteriktige modellar
Tradisjonen tru kunne dei som vitja marknaden på Os få med seg siste nytt innan Øyro-fashion.
Osøyro
Laurdag føremiddag var det tid for moteshow på Osdagane. Dermed fikk butikkane på Osøyro høve til å visa fram kva dei har å by på både innan skotøy, klede, briller og anna tilbehør.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vanlegvis er det kjente andlet frå næringslivet i Os som plar sprada nedover catwalken. Denne gongen stilte 125-årsjubilant Kysthospitalet med modellar.
Mange var møtt fram for å få med seg siste nytt på motefronten, og på første rad hadde modellane, som berre var frå eit par år gamle til nærare pensjonsalder, ein entusiastisk tilhengjarskare.
Etter showet var det tid for dans. Då diska jentene i Diamond Dance Academy opp med freestyle disco-dans, noko konferansier og sentrumsleiar William Lindborg, vedgjekk at han ikkje kunne så mykje om.
– Det var veldig kjekt å dansa. Litt varmt, men veldig gøy, fortel Kristin Valland (13) og Helene Johannesen (15) etter at showet er over.
Jentene har dansa i fire år.
– Vi synest det er kjekt å spreia glede og visa andre kva vi kan. Og så håper vi at andre også får augo opp for dans, seier Kristin og Helene som har planar om å halda fram med sporten heilt til dei vert vaksne.
camilla.kvamme@osogfusa.no