Her er dei elleve beste ut i frå BAs børs for sesongen. (Skjermdump BA.no)
Her er dei elleve beste ut i frå BAs børs for sesongen. (Skjermdump BA.no)

Styrer midtbanen på BAs lag

Vegard Leikvoll Moberg (24) tek plassen sentralt på midtbanen på Bergensavisens OBOS-lag for 2015.

Det kom ikkje som eit stort sjokk for osingen at han kom med på laget. Det er BA-børsen som ligg til grunn for valet av spelarar til årets lag ut ifrå dei tre lokale 1. divisjonslaga i Bergen, og midtbanestrategen har fått med seg at han har fått gode karakterar på børsen i år.

- Eg visste ikkje om at det skulle koma ei slik kåring, men når det vart eit slikt lag, låg det litt i korta at eg kom med, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Opp til andre å tyda

Dette skriv BA om midtbanemannen frå Os:

- Vegard Leikvoll Moberg har hatt noen nedturer og oppturer i løpet av sesongen, men Åsanes «ryddegutt» på midtbanen har vært både stabil og målfarlig i høst. Har gode kvaliteter både defensivt og offensivt. 24-åringen er ankeret på vår midtbane.

- Kva tenkjer du om at dei skriv at du har hatt oppturar og nedturar i løpet av sesongen, men samstundes har vore stabil?

Vegard Leikvoll Moberg ser fram mot ein ny sesong som Åsane-spelar. - Eg legg ikkje skjul på at eg har ambisjonar om å nå lengre, men eg har det veldig fint i Åsane, seier midtbanemannen.
Vegard Leikvoll Moberg ser fram mot ein ny sesong som Åsane-spelar. - Eg legg ikkje skjul på at eg har ambisjonar om å nå lengre, men eg har det veldig fint i Åsane, seier midtbanemannen.

- Eg skjønte ikkje så mykje ut av det. Eg meiner ikkje det har vore nokre særlege nedturar i årets sesong. Eg tenkjer uansett ikkje så mykje på det. Det er opp til andre å tyda kva dei meiner med det, seier Leikvoll Moberg.

- BA skriv også at du har vore målfarleg. Kor mange mål har du skåra i år?

- Det blei vel fire mål til slutt, og alle kom neste samstundes, då eg fann ut at eg kunne skåra mål. Eg sa til din kollega, Kenneth Svenningsen, tidlegare i år at eg ville bli betre på det offensive. Det meiner eg at eg har blitt også, seier midtbanemannen.

Ambisjonar om å nå lengre

Det er ikkje lange tida Åsane-spelarane har fått fri etter at dei sikra plassen i 1. divisjon. Alt måndag startar nemleg sesongoppkøyringa. Leikvoll Moberg gler seg til å ta fatt på ein ny sesong i 1. divisjon med Åsane.

- Har det vore kontakt med andre klubbar etter den gode sesongen du har hatt?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei. Eg har høyrt nokre rykter, men personleg har eg ikkje snakka med nokon, seier osingen.

- Kor stor er sjansen for at du framleis er Åsane-spelar når sesongen startar til våren?

- Eg vil ikkje spekulera i noko. Eg trivst godt, og er blitt veldig glad i klubben. Om me held på spelargruppa, og samstundes får inn nokre nye spelarar, så trur eg me går ein god sesong i møte, seier han og held fram:

- Det er mitt fokus no, men eg vil ikkje leggja skjul på at eg har ambisjonar om å nå lengre. Det trur eg alle lagkameratane mine har også.