- Kvalitet, ikkje plassering
Ordførarkandidat Atle Kvåle (Ap) meiner det er positivt at ein lærar kjem med si uro over situasjonen i fusaskulen. - Dette må me lytta til, seier Kvåle
-Eg registrerer at Sp spelar opp til ein debatt der det handlar om små eller store skular. Det er ikkje dette som er saka. Det handlar om at ein ikkje har ressursar til å halda fram med den strukturen me har i dag. Me meiner at me vil få meir ressursar om me ser på strukturen. Det handlar om å byggja opp ein god og moderne bygningsmasse, seier Kvåle som lett til at skulestrukturen er ute på høyring, og "at ein ikkje er kome dit hen at ein kan sjå på detaljane enno".
Viktigaste sak
- Men som Linn Cathrin Anthun var inne på - det finst vel ikkje noko garanti for at pengane ein sparer på skulesamanslåing kjem skulane til gode?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dette blir sjølvsagt ein politisk diskusjon når ein skal budsjettera til skule, helse og omsorg osb. Det er mange område som krev sitt. Fusa Ap vil garantera nok ressursar til skulen. Det er vår viktigaste sak i valkampen.
Ein forsvarleg måte
I sist avis meinte ordførarkandidat Svein Lang (Sp) at ytringane frå Maria Lister Midtrød mangla allmenngjering og "ikkje kunne vera grunnlag for noko som helst".
- Det er overraskande at Sps ordførarkandidat ser ut til å vita betre enn ein sentral fagperson i skulen når ho fortel om konsekvensane av knappe løyvingar i skuleverket. I eit brev frå Utdanningsforbundet Fusa i samband med budsjettet for 2015, skriv dei mellom anna: "Skal me oppretthalda dagens skulestruktur må det vera forståing for at det trengst meir ressursar til å drive barnehage og skule på ein forsvarleg måte, (...)". Både det Maria Lister Midtrød - og det Utdanningsforbundet kjem med kan berre tolkast på ein måte: At her må noko gjerast, meiner Kvåle.
Konsekvensar
- Mange er uroa over at skulenedlegging er det same som bygdenedlegging. Kan ein sjå bort frå at det er noko i dette?
- Ok, nokre meiner det. Sævareid har verken skule eller barnehage, men er ei bygd i vekst. Eg har respekt for dei som kjempar for skulane sine, men vårt hovudfokus er nok ressursar til skulen i Fusa. Dette må få konsekvensar for skulestrukturen.
Ikkje sjå på
Kvåle fortel at Ap ønskjer å føra vidare dagens barnehagestruktur.
- Barnehagane er vel så viktige som skulane. Det er viktigare at barnehagen ligg i nærleiken og i rett retning i forhold til arbeidsreisa. Skuleungar kan ta buss når avstanden er over nokre kilometer. Og det er tilbodet til desse skuleelevane denne debatten burde handla om, ikkje plasseringa. Strikken er strekt for langt. Og det kan ikkje eg som ansvarleg politikar sitja å sjå på, avsluttar Kvåle.
Utdanningsforbundet Fusa vil ikkje uttala seg om saka før det nye styret har hatt møte. Avisa lukkast heller ikkje i å få tak i einingsleiar for undervisning i Fusa kommune, Anne-Merete Mærli Hellebø. Maria Lister Midtrød er på ferie og har ikkje kunna kommentera på reaksjonane etter intervjuet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er overraskande at Sps ordførarkandidat ser ut til å vita betre enn ein sentral fagperson i skulen når ho fortel om konsekvensane av knappe løyvingar i skuleverket.