- Ein veldig fin kveld
Både rektor Solveig Dale Midtun og FAU-leiar Line Furubotn Storum er godt nøgde med den opne kvelden i regi av FAU på Fusa oppvekstsenter torsdag. Om lag sju familiar frå Strandvik kom for å ta skulen nærare i augesyn.
- Det var så kjekt, seier rektoren og legg til:
- Eg presenterte skulen og fortalte litt om korleis skulen fungerer i dag. Elevane song, underheldt og fortalte kvifor dei er så glade i skulen sin. I tillegg presenterte elevane sosialplanen vår.
Artikkelen held fram under annonsen.
6. klassingane hadde bakt bollar. I tillegg sørgde foreldra for at vertskap og gjester fekk kaffi, saft og endå meir godt å bita i.
- Det var ei veldig fin stund. Flott stemning, seier Midtun.
Felles aktivitetar
Føresette og elevar frå Strandvik oppvekstsenter var inviterte til skulen for å verta betre kjent med skulebygget, elevane og personalet. Midtun trur omlag sju familiar frå nabobygda nytta seg av tilbodet.
- Vi synest det er kjekt at nokon har lyst til å koma å sjå skulen vår, seier rektoren.
Midtun understrekar at tida frå invitasjonen vart sendt ut, til arrangementet fann stad, var kort.
- Om det er nokon som har lyst til å koma, men som ikkje hadde sjans torsdag, er det berre å ta kontakt, seier ho.
I samband med den samanslåingsprosessen som skal finna stad i løpet av 2016, skal dei to skulane på Fusa-halvøya mellom anna danna venskapsklassar og vitja kvarandre sine skular.
- Vi har mange felles aktivitetar planlagt gjennom heile våren. Aktivitetane er ein del av førebuingane til hausten, fortel Midtun.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Korleis er det å førebu seg på ei samanslåing når ein ikkje veit om elevane kjem?
- Vi tek utgangspunkt i at alle kjem. Vi veit ikkje om noko anna enno, difor tek vi utgangspunkt i det, seier Midtun.
Vil ikkje skapa meir usemje
Frå FAU sin ståstad var invitasjonen eine og åleine eit positivt bidrag i ein vanskeleg situasjon.
- Vi ønskte å gje elevar og føresette ved Strandevik oppvekstsenter høve til å koma å sjå skulen, og til å stilla spørsmål, seier leiar i Foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved Fusa oppvekstsenter, Line Furubotn Storum.
Storum meiner det har vore veldig mykje støy kring skulesaka i Fusa. FAU ønskjer ifølgje ho ikkje å bidra til meir usemje.
- Det var ein veldig fin kveld. Og eg var positivt overraska over kor mange som stilte, spesielt frå Fusa, seier Storum og legg til:
- Vi forheld oss til det vedtaket som er gjort av kommunestyret. Vi har lyst til å skapa eit godt samarbeid med innbyggjarane i Strandvik. Difor syntest vi at det var på sin plass at vi inviterte til open skule.
Midtun fortel at ho fekk nokre spørsmål om det er plass til alle elevane på Fusa. Då viste ho til det som står skrive i Agenda Kaupang-rapporten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Hovudmålet i denne omgang var å visa fram skulen slik at føresette og elevar fekk høve til å verta betre kjent med han, påpeikar rektor Solveig Dale Midtun.