Åsmund Slettevold fekk blod på tann etter karatecomebacket i NM. Om halvanne veke går han for medalje i nordisk meisterskap i Ålborg.
Åsmund Slettevold fekk blod på tann etter karatecomebacket i NM. Om halvanne veke går han for medalje i nordisk meisterskap i Ålborg.

Gull-comebacket gav meirsmak

I sin første konkurranse på to år vann Åsmund Slettevold NM-gull i seniorklassen. No førebur 21-åringen seg på nordisk meisterskap.

Etter to augeoperasjonar i 2014 tok Åsmune Slettevold ein lengre pause frå karaten. Men i forkant av årets allstyle-NM i Oslo byrja den unge ringreven å trimma sparkemusklane i lag med kameratane i Os Karateklubb. Comebacket var alt anna enn mislukka.

- Eg må sei det gjekk overraskande bra. NM-gull i seniorklassen var meir enn eg hadde våga å håpa på, seier 21-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mista motivasjonen

Åsmund hadde knapt nok opplevd motgang då han fekk problem med augo for litt over to år sidan. Sjukdomen heldt på å setja ein strek for karrieren.

- Eg fekk påvist augesjuken keratoconus og vart nøydd til å operera begge augo. Hadde eg ikkje gjort det kunne eg blitt svært svaksynt, eller mista synet fullstendig, fortel Åsmund.

Tilbake etter operasjonen gjekk det trått, langt tråare enn det store karatetalentet hadde venta.

Åsmund Slettevold gjekk heilt til topps i kampklassen for seniorar - 84 kg under NM. No er han klar for nordisk.
Åsmund Slettevold gjekk heilt til topps i kampklassen for seniorar - 84 kg under NM. No er han klar for nordisk.

- Eg trena ok, men byrja å tapa kampar som eg brude vunne. Etter kvart byrja eg å mista motivasjonen, fortel ungguten som reknast som det største karatetalentet i Os sidan Sensei Cato Bruarøy sjølv.

Slanka seg ti kilo

Men opphaldet var kanskje naudsynt. For ein unggut som har trena karate fem-seks gonger i veka i årevis, kan det vera greitt å få litt pause.

- Det er mogleg at eg trong litt avstand til sporten, men eg er veldig glad at eg byrja igjen.

- For comebacket gjorde meirsmak?

- Ja, så absolutt. Det var kanonmoro, og eg viste både overfor meg sjølv og andre at eg framleis har det i meg. At eg enno kan slå frå meg og vinna kampar, smiler den ferske gullvinnaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gjekk ned ti kilo frå nyttår for å kunna stilla i - 84 kg-klassen i NM.

- Det var tøft. Mykje springing og hardtrening, men eg kom meg ned vel ti kilo, og har halde match-vekta ved like, ler 21-åringen.

Medaljesjanse

Som gullvinnar er Åsmund no kvalifisert til Nordisk Meisterskap. Konkurransen går av stabelen i Ålborg i Danmark helga 8.-10 april.

- Eg stillar nok ein gong i - 84 kg-klassen. Eg går alltid for siger, men eg trur det kan bli vel tøft. Danskane er normalt veldig gode i denne vektklassen, seier Åsmund.

Ein medalje meiner han kan vera realistisk.

- Eg har trena godt i det siste, og dreg med meg ein bra porsjon sjølvtillit. Ein ny medalje til samlinga bør vera innanfor rekkjevidde, smiler mannen med to Wado-EM-gull, bronse frå EM i allstyle for juniorar og fire gull frå NM.