Julefeiring i uvissa

Kjære politikarar, ver venleg og handsama oss me respekt. Spel med opne kort ovanfor innbyggjarane i Fusa. Me vil ha klarheit i kva som er i vente, skriv desse foreldra.

 

LESARBREV: Me vil starta med å takka Leendert-Jan de Zwarte og Leiv Rød for innlegga i Os og Fusaposten. Dei klarte presist å setja ord på dei kjenslene mange av oss har og frustrasjonen etter kommunestyrevedtaket torsdag 17. desember. Me vil tru at skildringa til Rød om "rømmande" born gjer sterkt inntrykk på fleire enn oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Me er usikre

Etter at våre folkevalde tok den enklaste utvegen, verbalt og bokstaveleg, er me rett og slett skremde. At vår nye varaordførar Magne Djuvik saman med Hans Ekeberg valde å gå ut naudutgangen, framfor å sjå folket i augene etter å ha fatta vedtaket om samanslåing, viser liten grad av audmjukheit og respekt ovanfor dei som i denne omgang vert råka. Me gremmast.

Som foreldre til born i skulane i Fusa, har me fått heim eit brev frå einingsleiar Anne-Merete Mærli Hellebø. Intensjonen med informasjonen er heilt sikkert god, men brevet har gjort oss ytterlegare usikre og forvirra. Inndelinga i noverande skulekrinsar er vedtatt oppheva. Kva konsekvensar får dette for borna våre?

Kva inneber trinn to?

Vidare skal endringa i skulestrukturen verta gjennomført i to trinn. Trinn 1 slår fast at Strandvik og Holdhus vert lagt ned frå hausten 2016. Kva inneber trinn to? Skal også dette drøftast bak lukka dører før formannskapet 13. april 2016 og kommunestyret 27. april?

I desse møta skal også organiseringa av barnehagar og SFO sakshandsamast. Fusa Arbeidarparti programfestar følgjande: SKULE OG BARNEHAGE - EIN GOD START! Her vert grunnlaget for all vidare utdanning lagt. Fusa Arbeidarparti vil derfor sikra at noverande barnehagestruktur vert oppretthalde. Me lurer difor på; Kva er det då som skal organiserast?

Frustrert over handsaminga

Kjære politikarar, ver venleg og handsama oss me respekt. Spel med opne kort ovanfor innbyggjarane i Fusa. Me vil ha klarheit i kva som er i vente, både når det gjeld uvissa omkring skulestrukturen, moglegheitene for få overta eller leiga dei noverande skulebygga i Strandvik og på Holdhus og organiseringa av barnehagar og SFO.

Kva er grunnen til at posisjonen, i kommunestyremøtet 17. desember ikkje kunne ta stilling til kva som skal skje med bygga til dei nedlagde skulane? Held de oss for narr eller har de ikkje ein heilskapleg plan? Er trenering naudsynt for at de skal lukkast?

Frustrasjonen rundt handsaminga av saka, ser me fører til splid mellom bygdene. Ei skute på rett kjøl utan mannskap og passasjerar er vel ikkje noko til skute, eller kva, ordførar?

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar på privatskular

Me er mange i Nore Fusa som er klare til å bretta opp erma for å sikra vidare skuledrift i Strandvik og på Holdhus. Me heiar på dykk og håper me får to nye og flotte privatskular i Fusa.

Me rundar av med eit passande sitat frå Astri Lindgren: "Når människor med makt, slutar att lyssna på folk. Då är det dags att byta ut dom".

 

 

Tom Christian, Ørjan, Mona, Julie, Øystein, Monica, Morten, Anita, Stein-Ove, Sandra, Cecilie, Steinar, Jill, Nils-Olav, Siv, Erik, Marta, Pzemyslaw, May, Stian, Roger, Therese, Haluk, Tove, Geir, Erlend, Lena, Beate, Arild, Frøydis, Børje, Silje, Lars Ottar, Synnøva, Åsmund, Svanhild, Ørjan, Anders, Floribeth, Siri Anne, Arild, Bjørg Reidun, Håvard, Ingrid og Tore Johannes, Anne, Rune, Stian og Maria.

Føresette, Nore Fusa