Finaleplass på halv maskin
Til trass for litt lugging spelemessig, tok Os G14 seg heilt til finalen i Lagunen Fotballfest. Der møtte dei fysisk overlegne Fyllingsdalen.
- Fyllingsdalen blei for sterke i finalen, seier trenar Ivar Johannessen og held fram:
- Dei skåra tidleg, og vi måtte jaga utlikning. Vi blei einige om at vi skulle gjera det vi har trena på, og prøvde å spela fotball mot eit god fysisk lag. Så gjekk dei opp i 2-0, før vi reduserte og la om litt for å klara ekstraomgangar. Diverre blei håpet øydelagt då ein Fyllingsdalen-spelar prøvde å leggja inn og ballen sneik seg i mål heilt oppe i vinkelen, seier Johannessen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slitne bein
Lagunen Fotballfest har vara i tre veker no. For Os´ G14-lag har det vore ei turnering med svingande resultat.
- Vi har halta gjennom turneringa. Vi har vunne på tal corner, og etter sudden death i åttandedelsfinalen. Det har vore ein lang sesong, og spelarane er nok prega av det. Det var mange slitne bein i laget, seier Johannessen.
- Kva tenkjer du om å vera med i ei slik turnering rett etter at sesongen er over?
- Det er utruleg mange fotballturneringar ein kan vera med på, som blir arrangert i løpet av ein sesong. Det er ei utfordring å vera med på mange, både økonomisk og ved at spelarane blir slitne, seier Johannessen og legg til:
- Men sjølve turneringa er godt organisert. Det er sjølvsagt utfordringar med vêr og spelforhold, men dei fem klubbane Kalandseid, Smørås, Bjarg, Fana og Gneist, som arrangerer turneringa, gjer eit solid stykke arbeid.
Hamna i gruppe med finalistane
Os har hatt fleire lag i elden i Lagunen Fotballfest. Os G19 var like gode som Os G14. Dei tok seg til finalen, der dei tapte 2-1 for Sædalen. Eikelandsfjorden stilte med eitt lag. G19-laget deira hamna i gruppe med begge finalistane i klassen, Os og Sædalen. Fusingane tapte begge kampane, men i siste gruppespelkamp slo dei Hovding (4) komfortabelt 5-0.