Rektor ved Os kulturskule beklagar at enkelte søknader frå fusingar kan vera bortkomne og rår dei som ikkje har høyrt noko frå kulturskulen om å ta kontakt.
Rektor ved Os kulturskule beklagar at enkelte søknader frå fusingar kan vera bortkomne og rår dei som ikkje har høyrt noko frå kulturskulen om å ta kontakt.

Søknader kan ha forsvunne i datakrasj

Som følgje av ein datakrasj er rektor ved kulturskulen i Os, Christian Breistein, redd at nokre søknader frå Fusa kan ha kome bort.

Tidlegare i haust skreiv «Os og Fusaposten» om at kulturskulane i Os og Fusa no samarbeider, og at dei med tida skal slåast saman til ein felles skule, moglegvis med namn Bjørnefjorden kulturskule.

Men i samband med samkøyringa har dei også møtt ein del utfordringar. Mellom anna med tanke på faktura-arbeid og samordning av søknader.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Os kulturskule har no overteke det administrative arbeidet for Fusa kulturskule. Etter rett skulle eg hatt alle data på deira elevar og søkjarar no, men grunna tekniske problem, kan det ha falle bort noko informasjon, seier Christian Breistein.

Ta kontakt

Rektoren ved Os kulturskule seier dette om kva som kan ha forkludra informasjons-flyten mellom dei to skulane.

- I Fusa hadde dei ein datakrasj før sommaren. Som følgje av dette kan det dessverre tenkjast at nokre søknader er komne bort. Forhåpentlegvis er det ikkje snakk om mange, men det kan vera ein handfull tilfelle, seier Breistein.

Jonny Christensen, Lisbeth Axelsen, Are Fløysand og Terje Raunsgard.
Jonny Christensen, Lisbeth Axelsen, Are Fløysand og Terje Raunsgard.

Han legg til at problem med konvertering frå eit system til eit anna, også kan ha ført til at opplysningar er forsvunne.

Rektoren oppfordrar no søkjarar frå Fusa som ikkje har motteke svar frå skulen om å melda frå til kulturskulen i Os, så snart som mogleg.

Han kan ikkje lova plass til dei som ikkje har høyrt noko, men oppfordrar dei likevel til å melda frå.

- Dersom det er ledige plassar, vil me ta dei inn fortløpande. Elles er det uansett viktig at me får registrert søknaden deira og når den vart levert slik at dei får rett plass i ein eventuell søknads-kø, seier Breistein.