Jentelag med medaljesjansar
Fredag reiste Fusa vidaregåande sitt jente- og miks-lag til NM i volleyball i Stavanger. Målet for jentelaget er medalje.
I fjor vinter gjekk Fusa vidaregåande skule sitt mikslag heilt til topps i NM. I år er det jentelaget skulen trur vil nå lengst.
- Me har bevisst prioriert jentelaget denne gongen. Mikslaget me har med oss kan også hevda seg, men ut i frå kvaliken i Bergen i fjor haust, er det jentelaget me trur kan hevda seg best, seier lagleiar og leiar for volleyballprosjektet ved Fusa vidaregåande skule, Ragni Hestad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heiar kvarandre fram
Både jente- og mikslaget til Fusa vidaregåande skule startar med innleiande kampar alt i ettermiddag. Dersom alt går som dei håpar, kjem begge laga vidare til sluttspelet i morgon (laurdag).
- Det er mange gode lag som er samla under eit NM, men me håpar jo på sluttspel for begge laga. For jentene er målet å nå semifinale og kanskje til og med medalje, seier lagleiar Hestad.
Bortimot 70 volleyballag er i aksjon i Stavanger idrettshall denne helga.
Gjengen frå Fusa skal bu komfortabelt under opphaldet i oljebyen, på Comfort hotel, midt i Stavanger sentrum.