Går for E-cup-deltaking
Sist vinter avslutta han med NM-gull og Kongepokal. Før sesongopninga på Sjusjøen i helga har Bjarte Solvang som mål å gå seg inn på E-cup-laget.
23 år gamle Bjarte Solvang frå Fusa fekk ei fantastisk avslutning på sist sesong då han gjekk seg inn til NM-gull på sprinten i Sirdal. I år har Hålandsdal-løparen som mål å markera seg internasjonalt.
- V-cupen er sjølvsagt ein draum, men i første rekkje må eg kjempa om plass på IBU-laget (E-cup-laget), seier Solvang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tøff kamp
Sjølv E-cup-laget vert det hard kamp om å koma inn på.
- Dersom eg skal ha håp om å få gå første IBU-konkurranse i Idre i Sverige neste helg, bør eg plassera meg blant dei 10-12 beste norske no til helga. Det kan bli tøft nok, men eg skal gjera mitt beste for å klara det, seier fusingen.
På helgas program står sprint og fellesstart. 23-åringen meiner han har størst sjanse til å hevda seg på den kortaste distansen.
- Det er på sprinten eg tradisjonelt sett gjer det best. Ein plass blant dei 10 beste der, er ikkje umogleg, seier Bjarte.
Han minner like etterpå om at heile den norske eliten, samt fleire utanlandske toppløparar er meldt til start.
- Det blir høgt nivå på deltakarane. Alle dei beste norske skal vera med. I tillegg stiller V-cup-løparar frå Tyskland, Frankrike og fleire andre land.
Betra skytinga
Fram mot komande sesong har Bjarte Solvang jobba ekstra mykje med skytinga. Resultata før alvoret er i gang, ser lovande ut.
- Eg har sikkert trena 20 prosent meir skyting enn tidlegare. Eg har terpa mykje åleine, men eg har også fått litt rettleiing og tips frå Ann Elen Skjelbreid, fortel Solvang.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kondisjonsmessig meiner han også å stå sterkare.
- Eg har ikkje fått målt meg så mykje mot andre utøvarar, men i forhold til eigne resultat frå tidlegare sesongar har eg klar framgang. Kondisjonen er betre, så får eg berre håpa eg får resultat av det i løypene utover vinteren, seier han.
- Er det fleire fusingar som kan hevda seg i løpa til helga?
- Ja, eg har trena ein del med Martin Femsteinevik. Eg har trua på at han kan gjera det bra. Dessutan vil forhåpentlegvis fleire av juniorane våre hevda seg høgt oppe, seier Solvang.
Ni fusingar
Dersom alle er friske og klare for innsats stiller ni fusingar til start i sesongopninga på Sjusjøen ved Lillehammer.
Utanom Bjarte Solvang stiller Heidi Berlandstveit og Martin Femsteinevik i seniorklassane. I klassen for junior stiller Ragnhild Femsteinevik og Ingrid Berlandstveit. Trygve Vangsnes deltek i klassen for menn 20-21 år, medan Martin Dale, Ingri Hovland og Embrik Børresen deltek i 17-årsklassen.
Utanom Heidi Berlandstveit, som for tida går for Sirdal Ski er samtlege av dei ovanfornemnde utøvarane medlemer av Hålandsdal IL og Hordaland skiskyttarkrets sitt nye satsingslag, Team Glalaks.