Parnefält er ferdig i Os Turn
Hans Parnefält får ikkje halda fram som dagleg leiar i Os Turn. Siste arbeidsdag er 31. desember.
- Vedtaket om å kutta ut dagleg leiar-stillinga blei tatt 13. oktober. Me har gitt beskjed til Hans om at kontrakten går ut ved nyttår, seier styreleiar Rune Rosland.
Økonomien avgjerande
Før Hans Parnefält blei tilsett som dagleg leiar i Os Turn i 2013, var det Leif Idar Røen som var deltids tilsett i ein form for dagleg leiar- stilling, i følgje Rosland.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Då Hans blei tilsett som dagleg leiar, opplevde eg det dels som ei prøveording. Klubben følte eit behov for ein dagleg leiar, og ville testa om det lét seg gjera, seier Rosland.
Sidan då har klubben hatt løpande vurderingar om dei har råd til å ha ein dagleg leiar, og om dei fekk nok attende for å halda på stillinga. I det siste har det vore utviklingar i økonomien til klubben som bekymrar styret.
- Salet av friidrettsbanen har gjort at me mistar driftsmidlar frå kommunen. Det kostar oss litt for mykje å ha ein dagleg leiar slik situasjonen er i dag, seier Rosland.
- Trist beslutning
Parnefält ønskjer ikkje seia så mykje om situasjonen på noverande tidspunkt.
- Eg meiner eg har fått til mykje på dei åra eg har hatt som dagleg leiar, og det er litt synd at eg ikkje får fullføra dei prosessane. Det er trist at dei har kome fram til den beslutninga, seier han.