Petrit Zhubi er 27 år og kjem frå Sverige. Han har erfaring frå Allsvenskan med klubbar som Trollhättan og GAIS. Petrit vert omtala som ein klok midtbanespelar som er flink til å spela andre god.
Petrit Zhubi er 27 år og kjem frå Sverige. Han har erfaring frå Allsvenskan med klubbar som Trollhättan og GAIS. Petrit vert omtala som ein klok midtbanespelar som er flink til å spela andre god.

Held døra på gløtt for ein til to spelarar til

Denne veka signerte Lysekloster Petrit Zhubi og Denis Ljubovic. - Me er nærast fulltallege, men me signerer kanskje ein eller to til, seier styreleiar Svein Kollen.

Med svenske Petrit Zhubi (27) og kroatiske Denis Ljubovic (27) har Lysekloster no ein A-lagstropp på 19 utespelarar og tre keeperar. Dermed ser laget ut til å vera bra rusta for sin første sesong i 2. divisjon.

- Me er veldig nøgde med å få inn Petrit og Denis. Dette er spelarar som har lang og god erfaring frå spel på høgt internasjonalt nivå - Denis i Slovenia og Kroatia, Petrit frå Allsvenskan i Sverige, fortel Kollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han ser likevel ikkje bort frå at det kjem fleire nye spelarar før sesong-start.

- Me har ein kar som me er i samtalar med nett no. Det kan tenkjast at me får han klar før me reiser på treningsleir laurdag. Elles held me døra på gløtt også for ein til, seier styreleiaren.

Viktig med rutine

Tek me med Ken Joar Føyen (22) frå Stord, har Lysekloster fått tre nye spelarar den siste månaden.

Denis Ljubovic vert karakterisert som ein midtstopper med god speleforståing. 27-åringen har erfaring frå toppfotballen i Kroatia og Slovenia. Han spelte sist sesong for Fyllingsdalen.
Denis Ljubovic vert karakterisert som ein midtstopper med god speleforståing. 27-åringen har erfaring frå toppfotballen i Kroatia og Slovenia. Han spelte sist sesong for Fyllingsdalen.

A-lagstrenar Ørjan Sandal meiner det ser bra ut.

- Troppen byrjar å sjå ut som me ønskjer. Med Petrit og Denis, som begge er 27 år, får me inn to erfarne, sterke spelarar som kan gje oss litt naudsynt rutine. Det kan koma godt med på dette nivået, seier Sandal.

Laurdag reiser A-laget på treningsleir til Albir i Spania. Der skal dei vera i ti dagar.

- Det blir ein kjekk og nyttig tur. I tillegg til å trena mykje under gode tilhøve skal me spela to treningskampar. Først mot Vinbjart på tysdag. Deretter mot eit 3. divisjonslag frå Sverige ved namn Lönne på fredag, seier trenar Sandal.