Vel på plass i Baku
Ariel Braathen er vel på plass i Baku og klar for deltaking i European Games. Eitt av måla er å prøva setja ny norsk juniorrekord.
Ariel reiste til den azerbaijanske hovudstaden onsdag denne veka. Neste veke er ho klar for innsats, i det som på mange måter er EM for junior.
- Ariel har toppa forma fram mot denne meisterskapen. Størst håp har me for at ho skal hevda seg på 100-meter bryst. Kanskje kan ho nærma seg, eller til og med slå den norske rekorden, seier pappa Bjørn Arne Braathen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Under Bergen Swim Festival i Ado Arena i vår persa Ariel på distansen og noterte seg for 1,11,09. Den norske juniorrekorden lyd på 1,10,78.
På plass
Pappa Bjørn Arne og kona Britt var sjølv på veg til Baku i går. Dei hengjevne støttespelarane til Ariel vil sjølvsagt vera på plass for å heia fram dottera når konkurransane byrjar til veka.
Ariel skal delta i tre øvingar - 50-, 100-, og 200-meter. Første konkurranse for Ariel er på tysdag.