For første gong i historia stod to utøvarar frå Fana IL øvst på pallen under eit allround-NM. Sverre tok sin andre siger. Sindre Hendriksen vart nummer to.
For første gong i historia stod to utøvarar frå Fana IL øvst på pallen under eit allround-NM. Sverre tok sin andre siger. Sindre Hendriksen vart nummer to.

Overlegen NM-siger til Sverre

Søndag tok han sitt andre allround-NM på rad. Sverre Lunde Pedersen var overlegen på Leangen-isen i helga.

- Eg skvatt litt til då Sindre Henriksen gjekk så bra på 500 m, men etter ein rimeleg bra 5.000-meter seinare på dagen, hadde eg leiinga samanlagt og følte eg hadde bra kontroll på konkurransen, fortel Sverre.

Med sterke 6,45,38 på den regnfylte isbanen i Trondheim var Sverre ganske så suveren. Nærmaste konkurrent klokka inn heile åtte sekund bak osingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utklassing

Grunna sjukdom og skader har Sverre lenge hatt til gode å gå til topps i allround-NM. I fjor slo han Håvard Bøkko. Denne gongen var det klubbkamerat Sindre Henriksen som vart 24-åringens tøffaste utfordrar, men så veldig hard kamp vart det ikkje.

Etter siger på 1.500 m med 1,53,98 og rein utklassing på mil-løpet søndag ettermiddag, var osingens andre allround-tittel i boks.

I striregn og tøffe vindkast gjekk Sverre i mål til 14,20,78 på 10.000 m. Næraste konkurrent var Thomas Henrik Søfteland (ikkje frå Søfteland, men frå Arendal). Han var 13 sekund bak osingen i mål.

- Eg vann ganske klart i fjor også, men i år var det endå større margin. På skeisespråket vann eg med over tre tidspoeng. Det tilsvarer 60 sekund på ein 10.000-meter forklarar Sverre.

Juleferie og trening

I desse dagar er Sverre heime i Os for å feira jul, slappa av og trena litt.

- Det blir fint med litt tid heime, men eg må halda treninga i gang. Alt første helga i januar er det klart for skeise-EM i Heerenveen. Då skal forma forhåpentlegvis vera på topp, konstaterer den nybakte, norske meisteren.