Gitle Smaadal (nr 3 frå venstre) er ein av dei som målar iskvaliteten i Os.
Gitle Smaadal (nr 3 frå venstre) er ein av dei som målar iskvaliteten i Os.

Skummel is overraskar Os brann- og redningsvesen

Gitle Smaadal i Os brann- og redningsvesen vart overraska over eigne ismålingar i dag, og ber folk om ikkje å ta sjansar.

Som følgje av temperaturar ned mot minus 20 enkelte stader i Os var det fleire som venta at Os brann- og redningsvesen kunne konkludera med fleire trygge vatn før helga. I dag kom ny måling, og resultatet var ikkje heilt slik.

– Det er framleis berre Gåsakilen sør som har farbar is. Mange stader der me var og målte i dag er isen skummel. Du borrar hol i isen ein stad og der verkar han heilt ok, men så går du 20 meter bort, og der er situasjonen ein heilt annan, seier Smaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Snøen har isolert

For at eit vatn skal få godkjentstempelet må 90 prosent av vatnet ha 15 cm stålis. Og det er langt på nær tilfellet no.

– Nokre stader er det som eit lag med slush oppå eit lag med 7 cm tjukk is. Nokre stader har du frosen snø oppå porøs is. Det verkar som om snøen har gjeve ein isolerande effekt slik at kuldegradene ikkje har gjeve tjukkare is sidan sist måling, seier han.

Dermed er det framleis berre sørlege enden av Gåsakilen som har farbar is. Og som vanleg er all ferdsle på isen på eige ansvar. Sjå også Os og Fusapostensoppdaterte kart over korleis iskvaliteten er i bygda.

ol@osogfusa.no