Full evakuering av rådhuset
Klokka ti torsdag seiv det røyk oppover i gangane på rådhuset i Os. Heldigvis var det berre øving.
– Dette er det me kallar ukjent øving. Det vil seia at ingen på huset er førebudde på det som skjer. Ingen veit om øvinga på førehand, fortel varabrannsjef Arne Monsen.
Alle ute
Det gjekk tilsynelatande greitt å få evakuert dei vel 150 tilsette på rådhuset. Kort tid etter at brannalarmen gjekk, var det store mengder med folk på parkeringsplassen framfor sentrumskvartalet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Målet er at alle brannvaktene tel opp dei på si avdeling. Sidan tek evakueringsleiaren den totale oppteljinga, forklarar Silje Fjellsbø frå helsestasjonenen.
Evakueringsleiar Sonja Haugland kunne kort tid etter konstatera at alle var ute.
– Me har teke full oppteljing. Alle dei ti avdelingane har informert om at alle er ute, seier Haugland.
To brannbilar
Som ein naturleg del av øvinga var det også venta at folk på huset ringde brannvesenet. Ei stund såg det ut til at dette kunne vera gløymd, men så kom det to bilar ulande.
– Jaudå, brannvesenet er oppringd, og etter det eg kan sjå, ser det ut til at me har gjort det meste rett her i dag, konkluderte evakueringsleiar Haugland.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no