Politifyrstebetjent Rune Fimreite, politioverbetjent Audun Hadler-Olsen, lensmann Oddbjørn Dyrdal, politimeister Kaare Songstad, seksjonsleiar sivil Åsta Bakke og politiførstebetjent Christine Grindstein.
Politifyrstebetjent Rune Fimreite, politioverbetjent Audun Hadler-Olsen, lensmann Oddbjørn Dyrdal, politimeister Kaare Songstad, seksjonsleiar sivil Åsta Bakke og politiførstebetjent Christine Grindstein.

Snakka om Monika-saka

- Det er naturleg å ta opp Monika-saka og ytringsklimaet i politietaten, sa politimester Kaare Songstad under sitt besøk på Os lensmannskontor tysdag.

Berre to månader etter at han vart utnemnd som politimeister for nye Vest politidistrikt, besøkte Kaare Songstad i dag dei tilsette ved Os lensmannskontor. Noko av det fyrste han tok fatt i var diskusjonen om ytringsklima og fryktkultur i politiet. Tema som har vore heftig diskutert i etterkant av den såkalla Monika-saka.

- Det ville ha vore unaturleg å ikkje snakka om det, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg kunne heldigvis svara han at her i Os kan vi snakka om det meste. Vi er ikkje redde for å gje beskjed verken opp- eller nedover i systemet, seier politifyrstebetjent Rune Fimreite.

Kva skjer med Os?

Den ferske politimeisteren har som uttalt mål å gjera seg kjend i distriktet. Noko lensmann Oddbjørn Dyrdal er glad.

- Eg synest han har gjort ein god figur ved oppstarten av det nye året. Mykje av det han snakkar om kling godt i mine øyrer, seier Dyrdal.

- Det er ikkje lenge sidan vi intervjua lensmannen som var oppgitt over knappe ressursar. Kan du lova meir pengar til politiet i Os?

- Nei, der har eg nok heller måtta kjøla ned forventningane, svarer Songstad.

- Det skal ha noko å seia at Os er ein kommune i vekst, og ressursane skal fylgja folketalet. Men situasjonen er stram og det vil den framleis vera, seier han.

- Kva skjer med Os lensmannsdistrikt i den pågåande politireforma?

- Det er for tidleg å svara på det no. Realistisk sett veit vi meir over sommaren, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed vert ordførarens tilbod om tomt til ny politistasjon på Moberg, hengande i lause lufta inntil vidare.

- Ja, det kjem ikkje noko svar frå meg på det no, svarer han.