Reisefølgjet var fyrst på sightseeingtur med Bergensexpressen der dei fekk flott utsikt over byen på veg oppover mot Fjellveien.
Reisefølgjet var fyrst på sightseeingtur med Bergensexpressen der dei fekk flott utsikt over byen på veg oppover mot Fjellveien.

På tur til byen mellom dei sju fjell

Dementavdelingen ved Luranetunet hadde ein innhaldsrik og flott dag i Bergen fredag.

Det fortel avdelingsleiar Rikke H. Wallace.

- Vi var fyrst på sightseeingtur med Bergensexpressen der vi fekk flott utsikt over heile byen då vi køyrde oppover mot Fjellveien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her fekk også ein av bebuarane koma tilbake på gamle trakter der ho voks opp som lita jente.

- Det var smalt oppover og ein annan bebuar kommenterte at ho var glad det ikkje var ho som køyrde for her var det både smalt og bratt, smiler Wallace som legg til at på tross av nokre regndropar, var humøret på topp.

På veg mot Bryggen fekk reisefølgjet sjå Statsraad Lehmkuhl liggja til kai og Beffen gå fram og tilbake. Desse båtane er det mange som har eit forhold til.

På Bryggen fekk reisefølgjet sjå Statsraad Lehmkuhl liggja til kai og Beffen gå fram og tilbake. Desse båtane er det mange som har eit forhold til.
På Bryggen fekk reisefølgjet sjå Statsraad Lehmkuhl liggja til kai og Beffen gå fram og tilbake. Desse båtane er det mange som har eit forhold til.

Etter sightseeinga gjekk turen til Bryggestuene der ein deilig lunsj venta.

- Bebuarane fekk sjølv bestilla frå menyen. Mange valde fish and chips og syntest det smakte fortreffeleg.

Så bar turen heim igjen til Luranetunet.

- En bebuar kommenterte at det hadde vore ei kjekk avveksling og at det var veldig hyggeleg å koma til byen, fortel Wallace nøgd.

jostein@osogfusa.no