Oppheta debatt etter asylbrann
Mann (31) får kritikk for å bruka «Osbygdo krigsminnesamling» sin facebookprofil til å argumentera mot innvandring. Han svarer at dei går på person i staden for sak.
Måndag la osingen som er engasjert i Norsk Folkehjelp, Åse Vaksinen Sælensminde, ut ein kommentar på facebook til ein avisartikkel om den truleg påsatte asylmottak-brannen i Lindås.
- For meg er det innlysande at dette er gjort av nokon som ville stoppa asylmottaket. Brannen vart påtent like etter at det vart kjent at her skulle det koma flyktningar. Me andre må bruka penn og stemme for å motverka at hatet breier seg endå meir, skreiv Sælensminde.
Artikkelen held fram under annonsen.
"Dei er ikkje velkomne"
Snart kommenterte nokon som kalla seg «Osbygdo Krigsminnesamling»:
-Så lenge det politisk korrekte Noreg berre skal snakka om kor synd det er på alle andre i verda og gløyma oss sjølv fullstendig, er nedbrende asylmottak bagatellar, og berre starten. Dei er ikkje velkomne her! Det viser dette stuntet klart og tydeleg. Få slutt på hatet? Ein måte å gjera det på er å ikkje importera fleire (innvandrarar) utan folkets eigentlege støtte. Politikarar og media latar som om dette er noko folk har lyst til. Dersom du er ein av dei som trur det, bør du ta deg ein skikkeleg reality check, skreiv mannen bak namnet «Osbygdo krigsminnesamling».
Politikarar kasta seg på
Politikarar frå Os Arbeidarparti og enkelte privatpersonar kasta seg på debatten. Dei er ueinige både i synspunkta som blir lagt for dagen, og at dette gjev seg ut for å vera representativt for heile osbygda og alle som er interesserte i krigsminne.
- Er dette Osbygdo Krigsminnesamling si offisielle meining? I så fall er det kanskje nokon av likarane til sida som vil revurdera sitt venskap, skriv kommunestyremedlem Tone Hepsøe (Ap) i kommentarfeltet.
- Det er urovekkjande at du spreier haldningar som kan tolkast slik at dei representerer di foreining, skriv tidl. kommunestyremedlem for Ap, Torill Keys.
Mannen svarer ikkje på dette, men seier at ein må "våga å spørja kvifor folk blir så sinte at dei svir ned ein heil bygning".
- Norske terroristar er vel ikkje betre enn andre terroristar, svarer Hepsøe.
- Nei, sjølvsagt ikkje, og det er trist at det må koma til dette. Men slik blir det altså dersom folket blir ignorert, svarer mannen. Han legg til at "historisk sett har masseinnvandring ført til store problem i landet dei kjem til, og folk har historisk sett motsett seg dette".
Artikkelen held fram under annonsen.
Brukte Marie Østrem i profilbilete
Marianne Gabrielsen og Olaug Tvedt Keys reagerer kraftig på at mannen gøymer seg bak ein organisasjon som ser halvoffisiell ut, i staden for å stå fram med eige namn.
- Dette bør Os kommune ta tak i straks, for etter namnet å dømma framstår dette ganske så offisielt. Her kan folk flest tru at det har noko med Os kommune å gjera, skriv Keys.
I tillegg brukar «Osbygdo krigsminnesamling» eit foto av Marie Østrem som profilbilete. Biletet er frå 1964, då ho møtte den sovjetiske statsministeren Nikita Khrusjtsjov som takka henne for innsatsen ho la ned for russiske krigsfangar i Os under krigen. Gabrielsen er svigerdotter av Østrem, og likar dårleg koplinga mellom Østrem og synspunkta Osbygdo krigsminnesamling legg for dagen.
- Eg vil ikkje ha noko av at du trakkar namnet hennar ned på denne måten ved å bruka profilbilete av henne. Ho stod for heilt andre verdiar enn det du her gjev til kjenne. Dersom du ikkje har ryggrad nok til å stå fram med eige namn med meiningane dine, så burde du halda deg for god til koma med slikt oppgulp, skriv Gabrielsen.
Mannen svarer
På tampen av facebooktråden modererer mannen bak profilen seg noko. Han skriv at det ikkje var meininga å fremja ei anti-innvandrings-haldning, og at den første kommentaren nok kunne ha vore formulert annleis. «Os og Fusaposten» har snakka med 31-åringen som står bak facebookprofilen, og får ei utdjupande forklaring.
- Den første kommentaren min vart nok litt misforstått. Då eg skreiv "Dei er ikkje velkomne her! Det viser dette stuntet klart og tydeleg", meinte eg ikkje å gje uttrykk for at eg ikkje ønskjer innvandrarar velkomen, og heller ikkje at «Osbygdo Krigsminnesamling» står for dette. Poenget var å få fram at det er denne haldninga folk som gjer slikt, står for. Men eg ser at det kunne misforståast, og det har eg teke sjølvkritikk på, seier mannen.
- Skjønar du at folk reagerer på koplinga mellom ei generell krigsminnesamling for heile Os og formidling av dine meiningar om innvandring?
- Men dette er ikkje mine meiningar. Eg vil ha fram at desse meiningane er det mange som har. Eg informerer altså berre om at det er mange som ikkje likar innvandring. Og dei forsvinn ikkje berre ved å lata som om dei ikkje er der. Dei som går til angrep på meg vil lata som om problemet ikkje finst, og difor blir problemet heller at eg har ytra noko, seier mannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tek sjølvkritikk, men står for poenget
Sjølve facebooksida er oppretta tidlegare i haust med føremålet å spreia informasjon om ei privat samling av lokal krigshistorie. Mannen tek sjølvkritikk på at han brukte «Osbygdo Krigsminnesamling» til å kommentera på saka.
- Eg har ikkje ein privat facebookprofil. Hadde eg hatt det, hadde det nok vore betre å bruka den enn «Osbygdo Krigsminnesamling» si side. Eg ville berre få fram at kraftig innvandring historisk sett gjev bråk, seier han.
Han meiner at det bør vera takhøgd nok i den offentlege debatten til å fremja også eit slikt synspunkt.
- Det overraskar meg litt at vaksne damer blir sjokkerte over noko slikt. Dei vil tydelegvis prøva å ta meg, heller enn å ta tak i problemet. Då går dei etter bodberaren heller enn på saka, seier han.