- Tryggleiken må koma først
I meir enn to månadar har om lag ti skuleelevar måtta stå på skulebussen frå Eikelandsosen til Fusa. Elevane må fordela seg betre på dei tre bussane som går, meiner Skyss.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg tør ikkje tenkja på konsekvensane ved ei eventuell ulukke.
Det seier Monica Vindenes Bolstad.
8. september meldte ho frå om situasjonen til Skyss, Hordaland fylkeskommune og Fusa vidaregåande skule.
- Kven er ansvarleg ved ulukker? Kva reglar gjeld for setebelte ved elevskyss i Hordaland? Kor mange personar er bussane registrerte for? Når kan det skje tiltak? spurte Bolstad.
Dagen etter kom det svar:
"Operatør Tide er i full gang med å finne ei mellombels og permanent løysing på problemet, men kan ikkje seia når denne er på plass", var svaret frå Skyss sitt kundesenter.
Sidan har det vore stille.
Opphoping enkelte dagar
- Dette er ikkje noko nytt fenomen, seier Bolstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det som har skjedd etter at eg tok kontakt med Skyss er at nokre elevar har vorte flytta frå ein buss til ein annan. Problemet er at elevane stadig vekk er på farten. Éin dag er det volleyballtrening i Strandvik, den neste fotballtrening på Fusa. Dermed vert det opphoping av elevar på skulebussen enkelte dagar. Dette kjem på toppen av at kapasiteten alt er sprengt, seier Bolstad.
Ho er redd for at det skal skje ei ulukke.
- Eg køyrer same strekkja sjølv, og fleire stader er det ikkje passasje for to store køyretøy. Eg håpar ikkje ei ulukke er det som skal til for at ein skal sjå alvoret i situasjonen, seier Bolstad.
Må kryssa vegen
Plassmangel fører også til andre problem. Av di bussen til Strandvik er full, må elevane som høyrer heime i byggjefelta Eikhovda og Ågotesølen, ta bussen som går til Venjaneset i staden. Konsekvensen er at elevane må kryssa vegen i ein 60-sone, utan fotgjengarfelt. Det likar foreldra dårleg.
- Dei to velforeiningane sendte brev til Skyss for eit par veker sidan. Framfor å sleppa borna av på busstoppet etter Fusatun, ønskjer vi at bussen skal køyra inn ved Fusatun, og lata borna gå av der, seier Øyvind Straumsnes.
Han fortel av situasjonen er ekstra bale vinterstid.
- Høge brøytekantar gjer det vanskelegare å kryssa vegen, seier Straumsnes.
I Facebook-gruppa «Kvardagsprat i Fusa», der temaet vart diskutert i førre veke, går det fram at det oppstår farlege situasjonar når skulelevane kryssar vegen dagleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skal ha sitjeplass
Etter eit stortingsvedtak i 2011, har Samferdsledepartementet utforma ei ny forskrift som gjeld sitteplassar og bruk av setebelte i skulebussar. Forskrifta tredde i kraft frå 1. juli 2013.
- Fylkeskommunen/kommunen pliktar å dimensjonera skuleskysstilbodet ut frå at skuleelevar med rett til skyss, skal ha tilgang til sitjeplass med bilbelte fastmontert, heiter det i forskrifta.
I §2 og §5 vert det presisert at forskrifta gjeld for all transport med skulelevar som er ein del av skuletilbodet. Unntaket er når transporten føregår ved hjelp av fylkeskommunens ordinære rutetilbod, og for buss klasse 1, eller såkalla "bybussar".
Ordførar Atle Kvåle (Ap) har vore i kontakt med både Skyss og Tide i samband med saka.
- Tilbakemeldinga eg fekk var at dette skulle dei ordna opp i, så eg slo meg til ro med det, seier Kvåle.
Ordføraren seier at når noko ikkje fungerer som det skal, så må kommunen gripa fatt i det.
- Eg gjev meg ikkje før dette er i orden. Det handlar om tryggleiken til elevane. Alle skal ha sitjeplass på skulebussen, seier Kvåle.
Nok plass på bussane - i utgangspunktet
I høve talet på elevar som har rett på skuleskyss (om lag 90), skal tre bussar vera nok. Det seier kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det ser ut til at problemet i hovudsak skuldast at elevane ikkje har blitt godt nok fordelte på dei tre bussane, seier kommunikasjonsrådgjevaren.
Frå Fusa ungdomsskule og Fusa vidaregåande skule, er det sett opp tre skulebussar i retning Strandvik/Venjaneset. Den eine går frå ungdomsskulen, via Fusa VGS og til Strandvik. Den andre frå ungdomsskulen, Fusa VGS og til Vinnes via Venjaneset. Medan den tredje går direkte frå Fusa VGS til Venjaneset. Buss nummer tre skal inn i ei arbeidsrute etter å ha sett elevane av på kaien, og kan difor ikkje køyra dei vidare.
- For å utnytta plassen i alle bussane, må ein del elevar ta buss nummer tre, for deretter å byta til bussen som skal vidare mot Børgavegen på Vinnes. Dersom for mange elevar tek bussen som skal til Vinnes, for å sleppa å byta, vert det for fullt på den bussen, opplyser Dreyer.
Tide Buss har sett opp ekstra skilt i frontrutene på bussane, slik at det skal vera enklare å sjå kva buss elevane skal nytta.
- Situasjonen har betra seg etter at dei gjorde det, seier Dreyer.
Ho bed foreldre og tilsette ved skulane om å oppmoda elevane om å gå på rett buss, slik at tryggleiken vert så god som mogleg.
- Tide fortel at dei fleste dagar er kapasiteten på bussane bra, men frå tid til anna kan det vera eit litt større volum reisande, slik at nokre må stå. Dette er reisande som ikkje er innmeldt til skuleskyss, seier Dreyer.
Skal vurdera tiltak
Kommunikasjonsrådgjevaren fortel at ein skulebuss i utgangspunktet skal ha sitjeplass til alle.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Men det er lov å nytte ståplassar dersom det kjem fleire andre reisande på bussen, seier ho.
Dersom det over tid er mange andre som nyttar skulebussen, i tillegg til dei som har rett på skuleskyss, skal Skyss likevel sjå til at det vert sett inn fleire bussar slik at alle får sitja.
- Skyss vil i lag med Tide vurdera kapasiteten på dei tre skulebussane, og sjå om det er naudsynt å setje inn tiltak, opplyser Dreyer.
Når det gjeld busstoppen på andre sida av Fusatun, fortel Dreyer at bussjåførane dagleg er vitne til at det er utfordringar knytt til at dei reisande må kryssa ein veg som ikkje er tilrettelagd for kryssing.
- Ei løysing er at elevane sit på vidare til Venjaneset, for så å gå av på haldeplassen etter Fusatun på tilbakevegen. Det vert fem minutt lenger å reisa, men det er ei trygg løysing, og elevane slepp å kryssa vegen, seier kommunikasjonsrådgjevaren.