Smidd i Hymens lenker - av ordføraren
Ordførar Terje Søviknes gjennomførte ein seremoni med borgarleg vigsel i Oseana laurdag, og utelukkar ikkje at dette kan bli hans nye "laurdagsjobb".
- Om lovforslaget går i orden, slik at kommunane i tillegg til domstolane får vigselsrett, så vil eg tru at det kan bli ein del oppdrag i løpet av eit år. Det kan bli nokre travle lørdagar, smiler ordføraren.
Det formelle blei ordna hos byfogden, og Søviknes synest det var kjekt å bli spurt om å leia seremonien i Oseana, der Renate Solberg og Tor Espen Grevle sa ja til kvarandre
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var eit veldig hyggeleg oppdrag å få. Så lenge dei ønskte så sterkt at me skulle gjera det slik, så kunne eg ikkje seia nei. Det var kjekt å få vera med og setja ein ekstra spiss på dagen deira, seier Søviknes.
Godt eigna for bryllup
Ordføraren vart rørt og måtte ta seg saman då seremonien starta, men gjennomførte som om han hadde gjort dette hundre gonger før. Søviknes meiner Oseana er godt eigna for bryllup.
- Eg meiner også at det Oseana kan vera eit godt alternativ for likekjønna ekteskap, seier Søviknes.