Etterlengta opprusting: – Her skal det bli fint
Etter at det har blitt snakka om i mange år, får endeleg uteområdet nord for AMFI Os ei etterlengta opprusting.
– Trea hadde fått vakse får mykje. No er dei borte. Arbeidet starta førre veke, fortel Lygre.
Vidare seier Lygre at dette er noko som er blitt snakka om å gjera i ei årrekkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det har vore på planen. I år hadde vi midlar til å få det gjort, så no er vi i gang.
Det er Os Hageservice som har fått jobben med å gje området nytt liv.
– Det skal koma opp gjerde og lys og det skal plantast buskar mellom anna. Det skal bli skikkeleg fint, seier Lygre.
Arbeidet starta onsdag førre veke, og dei er alt komne godt i gang.
– Både kundar og tilsette gler seg over dette. Det blir spanande å sjå resultatet. Planen er at området skal vera klart til julehandelen, seier Lygre.