Ordførar Atle Kvåle kalla det flotte anlegget eit stort løft - eit stort løft for oppvekstsenteret og eit stort løft for bygda. - No må berre politikarane gjera resten av jobben og leggja til rette for fleire bustadar og innbyggjarar, sa han før han takka dei involverte og, på vegne av kommunen, overrekte idrettslaget ein pengesum øyremerka nye fotballar.

Festdag: Offisiell opning av kunstgrasbanen i Nore Fusa

Laurdag var det duka for offisiell opning av den nye kunstgrasbanen i Nore Fusa. Over 200 personar var til stades på den store festdagen, og fleirtalet av spelarar, føresette, besteforeldre og andre sambygdingar møtte opp.

Alle bidragsytarar og støttespelarar var sjølvsagt også inviterte, og blei heidra for støtta på vegen.

Frå draum til prosjekt

Roger Næss, som har vore primusmotor for prosjektet, opna med å fortelje historia bak, og om vegen fram mot, den nye banen. I følgje Roger vart prosessen sett i gang etter ein laus samtale om store visjonar på ein fotballcup i Norheimsund tilbake i august 2014, ein dialog som seinare skulle vise seg å verte startskotet for realisering av draumen til mange unge og vaksne i Nore Fusa-bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ballen begynte å trilla og snart vart det oppretta ei eiga plangruppe for «Prosjekt kunstgrasbane i Nore Fusa». Ikkje berre kva som helst prosjekt heller, men eit til heile to millionar kroner!

Ein innsåg at finansieringa ville verta krevjande, men Ådlandsfjorden Idrettslag var raskt på banen og gav prosjektet støtte i ryggen og ikkje minst ein god start økonomisk.

Gode støttespelarar

Vidare fortalde Roger om fjoråret som gjekk med til arbeid med søknadar, skaffa naudsynte midlar og til å hente inn tilbod frå ulike aktørar til dei mange jobbane som skulle utførast. I forhold til finansieringsbiten, løfta Roger først og fremst fram Fusa Kraftlag og Hordaland Rørteknikk AS som begge støtta prosjektet gjennom forskotering av større summar, og Hordaland Fotballkrets som både stilte opp med midlar frå Mohn-fondet og med representantar som gav gode tips og innspel på vegen.

Det nye anlegget sett frå fugleperspektiv.
Det nye anlegget sett frå fugleperspektiv.
Roger Næss og Arve Samnøy hausta mykje skryt for den fantastiske innsatsen og pågangsmotet. - Utan dykk ville ikkje prosjektet vorte realisert. Me er glade for å ha slike personar her i Nore Fusa, sa Arild Matland, representant for styret i Ådlandsfjorden Idrettslag.

Styreleiar i Hordaland Fotballkrets, Tore-Christian Gjelsvik, gratulerte med eit flott anlegg og presiserte at av tre baneopningar berre denne veka, er Nore Fusa det anlegget kor det lokale næringslivet absolutt har stilt mest opp.

Sponsorar og støttespelarar fekk ei symbolsk takkegåve frå idrettslaget.
Sponsorar og støttespelarar fekk ei symbolsk takkegåve frå idrettslaget.

- Dei var positive frå starten av, og heilt avgjerande for å få dette til, sa Roger.

Vidare trekte han fram andre støttespelarar og sponsoravtalar, som ikkje berre gav prosjektet ein startkapital, men som også sikrar vidare drift i fleire år framover. I tillegg var inntekter på sal av baneandelar, basarar og andre innsamlingar viktige i forhold til å få fullfinansieringa i boks.

Dugnadsvilje

1. januar 2016 var enno ikkje første spadetak teke, men frå den dagen gjekk det i eitt. Det har vorte gjennomført heile 52 dugnadsøkter, av ulik storleik og varigheit, som til saman har utgjort 800 timar dugnad berre i 2016. Samla sett er det notert ned 1500 timar dugnadsarbeid i tilknyting til den nye bana, noko Roger var svært nøgd med.

- Alle har bidrege. Uansett kva me har hatt behov for, folk eller utstyr, svaret har alltid vore ja. Det har riktig nok vore eit overtal av menn på dugnadane, men konene har sytt for både tapas, grillmat og anna oppvarting til arbeidskarane. Det skal ein ikkje undervurdera.

Eitt av dei store høgdepunkta blant dugnadsøktene var og då næraste nabo, Olav Holmefjord, kom med pizza til heile arbeidslaget ein søndagskveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

Komplett oppvekstsenter

Roger takka til slutt Nore Fusa Oppvekstsenter for måten dei tilsette der har takla utfordringane med anleggsarbeid i skulegarden.

- Dei har vore kjempepositive og støttande heile vegen.

Han avslutta med at den nye kunstgrasbana er prikken over i' en på eit perfekt oppvekstsenter.

- Me har ein flott skule, ein flott barnehage, flotte tilsette og flotte ungar. No har me også ein flott kunstgrasbane, eit knutepunkt i bygda vår, kor me møtest dagleg - både born og vaksne.