Mål om ti fulltreffarar
Endre Brenne held fram med å skåra for Os. Målet er ti innan sesongslutt.
Det går bra for høgreback og dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne, om dagen. Laget hans held fram med å vinna, og på toppen av det heile er 30-åringen frå Strandebarm blitt ein målskarar som vert å rekna med.
– No har eg skåra tre mål. To i serien og eitt i cupen. Det er vel meir enn eg har skåra på alle dei tidlegare åra eg har vore her, ler Brenne.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heime mot Sund siste helg brukte han hovudet då han styrte inn 1-0. No torsdag var det innsida av foten.
– Måla er ikkje all verda vakre, men eg er nøgd med at eg kjem meg til skåringsposisjonar og at eg set dei... med iskald presisjon, må du skriva, ler han.
Øystein skal skåra meir
Borte mot NHH på torsdag tok Os leiinga ved Mats Cato Moldskred. Leiinga stod seg til pause, men knappe eitt minutt ut i andre omgang reduserte handelsskule-elevane til 1-1.
Deretter fekk Øystein Takle Eide fatt på ein retur etter mykje klabb og babb i NHH sitt straffefelt.
– Ballen pakka bort til meg, og eg fekk ein grei jobb med å plassera han i mål, fortel Eide.
Ungguten ler når han høyrer om Brennes mål-mål for sesongen.
– Me må alle byrja å skåra meir mål. Om Endre skal setja 10, så skal eg setja 11. Eg bør i alle høve skåra fleire enn han, konstaterer Os-angriparen.
– Korleis har sesongstarten vore for deg?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ok, eg føler eg har spelt betre og betre for kvar kamp, men når det kjem til det å omsetja sjansar til mål, har eg ein del å gå på, seier han.
Femte på rad
Endre Brenne sitt mål kom i det 57. minutt. 30-åringen breisida inn ein ball frå Alexander Tøssebro.
– Det var vel nærast ein sleiv av Alexander, men det var no ein assist, kommenterer Endre.
Ti minutt etter reduserte NHH til 2-3, før Christoffer Hafsås trygga leiinga då han sette inn Os sitt fjerde mål for kvelden litt etter.
NHH reduserte til 3-4 i det 90. minutt.
– Me gjer det litt for spennande mot slutten. Kanskje me skulle vore litt meir kyniske i staden for å gå for 5-2-siger, kommenterer Brenne.
Neste kamp for Os er først laurdag 26. mai. Då spelar dei borte mot Austevoll, laget dei slo 4-0 i kvalifiseringa til cupen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no