200-års bru heng i ein tynn tråd
Det er ti år sidan Svein Hansen bygde gangbrua bak UNIK, og sa at ho skulle halda i 200 år. Det spørst.
– Det stemmer at eg sa at ho skulle halda i 200 år, minst, seier Hansen og ler.
Naturkreftene er ikkje til å spøkja med. Hansen brukte gamle lyktestolpar og jern, og trudde at brua skulle tola det meste. Så langt har det halde, men det er venta at vasstanden kjem til å stiga meir det neste døgnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan koma mykje tømmerstokkar og mykje greiner. Det kan henda at brua er for svak, det eg sa om 200 år var mest for å spøkja med medlemene i Os jakt og fiskelag, men eg har også trudd det sjølv. Det skal noko til å øydeleggja ho, men ein skal ikkje undervurdera naturkreftene.
Det er ikkje snakk om store kostnader som blir bokstavleg talt vaska bort, om brua skulle gje etter.
– Eg tok det på min kappe. Det kosta ikkje laget noko som helst. Det er keisamt, men ikkje kjempetrist om ho ryk.
Høgare elv i 2005
Då Os & Fusaposten gjekk langs elva i ettermiddag, var det mange som stoppa opp berre for å ta eit bilete av Oselva. Ho har vakse seg stor, men det er venta at ho veks endå meir.
– Det er fascinerande å stå her og sjå på vassmengdene, seier Solrun, som saman med mannen Trond, stoppa opp fleire stader langs elva for å ta bilete.
Trond jobbar i BKK, og har opplevd ein del flaumar og orkanar.
– Eg har sett Oselva høgare enn i dag, men det er bra med vatn no, og det kjem meir, seier han.
Det er ikkje mykje om å gjera før elva er oppe på høgde med vegen, så om spådommane om vassauke er rett, vil det skje i løpet av det neste døgnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein annan som Os & Fusaposten snakka med, hugsar at det var snakk om å stenga vegen i 2005, same året som raset på Hatlestad Terrasse.
– Då var vatnet over vegen. Det blei vurdert å stengja vegen, men eg trur ikkje dei gjorde det. Vi er eit stykke unna vassnivået i 2005, men om det skal stiga meir, nærmar vi oss, seier han.