Bekymra for barnevernet i Os
Fleire av dei nye røystene i kommunestyret er uroa for situasjonen i barnevernet. - At Os er best på byggjesak, og ikkje best på barnevern, syner kva felt politikarane har valt å satsa på, seier Gisle Hesjedal (Ap).
Kommentarane fall då 2. tertialrapport vart til behandling i kommunestyret tysdag. I rapporten heiter det blant anna: "Tenesta har låg bemanning i høve landsgjennomsnitt og innbyggjartal, noko som medfører høgt arbeidspress, samt fare for redusert kvalitet i tenestetilbodet. I tillegg aukar fortsatt talet på fosterbarn meir enn barn under omsorg som går ut av systemet".
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunebarometeret for 2015 gjev Os karakteren 1,1 der skalaen går frå 1 (dårlegast) til 6 (best) når det gjeld bemanning. Området ligg an til å overskrida budsjettet med 1,5 mill. kroner, då "tiltak utanfor heimen" er budsjettert lågt. Dette handlar om born som blir plasserte i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon, noko som kostar mykje.
- Manglande satsing
Den låge bemanninga gjev ein del fristbrot, og Gisle Hesjedal (Ap) spurte om det var godt nok å ha fristbrot i 20 prosent av sakene.
- Burde ikkje målet vera å ha null fristbrot? Dersom me dreg ein parallell til byggjesaksavdelinga vår, har dei ingen fristbrot. På det feltet er det grunn til å skryta av Frp/H. Det er ikkje kome av seg sjølv, men er eit resultat av ei bevisst politisk satsing over tid. Men då må ein samtidig ta inn over seg at tilstanden i barnevernet også er eit resultat av ei tilsvarande manglande politisk satsing, sa Hesjedal.
Nils-Anders Nøttseter (MDG) gav si støtte til Hesjedal.
- Barnevern og PPT skrik etter ressursar. Ein har ikkje lenger kapasitet til å halda lovpålagde tidsfristar. Ein får bunnskår i kommunebarometeret på dette området. Dette er ikkje godt nok. Er det byggjesaksavdelinga eller bornas oppvekst som er viktigast? spurde Nøttseter.
Blitt sjuke av jobben?
I rapporten står det også at sjukefråværet innan barnevern var høgt i 2014 og det var vakante stillingar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Stort klarare kan ein ikkje skriva at arbeidsforholda i kommunen er årsak til at tilsette har blitt sjuke, sa Hesjedal, og la til:
- Det bekymrar meg at det høge arbeidspresset aukar faren for redusert kvalitet. Sjansen for å fatta feil avgjerder i desse viktige sakene aukar også. Dette trugar rettssikkerheiten til enkeltmennesket, sa Ap-politikaren.
Meir misnøgde brukarar
Laila Reiertsen (Frp) tok tak i ei brukarundersøking som nyleg er utført blant dei som treng tenester frå barnevernet. 35 prosent svarte på undersøkinga, og svara sprikar veldig. Nokre er svært misnøgde, medan andre er svært nøgde. Snittet vert likevel ganske dårleg, og ein klar nedgang i forhold til resultatet i 2010:
Barnevern
2010
Artikkelen held fram under annonsen.
2015
Brukarmedverknad
4,6
4
Artikkelen held fram under annonsen.
Heilskapsvurdering
3,9
3,8
Artikkelen held fram under annonsen.
Informasjon
4,5
3,8
Pålitelegheit
4,9
Artikkelen held fram under annonsen.
4,3
Respektfull handsaming
4,7
3,9
Resultat for brukarane
4,3
4
Samarbeid
4,5
4,7
Snitt totalt
4,6
4,1
- Det er ganske sårt å lesa dette. Spesielt det som har med respektfull behandling og påliteleg informasjon å gjera. Dette går heilt feil veg, sa Reiertsen.
- Dette er dei mest sårbare av våre innbyggjarar og deira familiar. Her håpar eg det skjer noko, og at me kan tilføra midlar til dette, sa Reiertsen.
Svar frå Line Rye
Ansvarleg kommunalsjef for området, Line Rye, fekk i oppdrag å svara på spørsmåla frå politikarane.
- At me opplever ein vekst i talet saker, handlar litt om samfunnsutviklinga. Det er ikkje berre me som opplever dette. At talet på fristbrot skal vera under 20 prosent, har me valt fordi det nesten er umogleg å vera heilt utan fristbrot. Det kjem nemleg ikkje berre an på oss sjølve, men det er ei rekkje andre partar inne me treng tilbakemelding frå før me kan lukka ei sak, sa Rye.
Ho var ikkje heilt einig med Hesjedal i at det er ein direkte samanheng mellom høgt sjukefråvær og mangelen på økonomiske ressursar.
- Me har vore i ein situasjon der me har hatt behov for å rekruttera (i rapporten står det også at alle dei vakante stillingane no er fylt, og at sjukefråværet er redusert, journ. mrk.). Men eg har ingen indikasjonar på at me ikkje leverer kvalitet i dag, eller at det er begått feil. Dette er meir å sjå som eit faresignal. Det har vore viktig for oss å få fram til politikarane at me har ressursutfordringar. Det er nettopp fordi me ønskjer å gje dette tydelege biletet til politikarane no i inngangen av budsjettprosessen. Difor er eg glad for at de oppfatta bodskapen så tydeleg, sa Rye.
Rådmannen føreslår nye stillingar
I budsjettforslaget som vart lagt fram i same møtet, har også stort fokus på barnevernet. Ein får også fleire detaljar om stoda, mellom anna kan ein lesa at 2015 vil bli eit rekordår i talet bekymringsmeldingar om omsorgssvikt. Dersom trenden held fram ut året vil 250 ha meldt frå om urovekkjande tilhøve, mot 194 i fjor.
- Alvorsgraden i meldingane er aukande og sakene er meir komplekse. Dette set høge krav til tilsette og behov for kompetanseheving i samband med utgreiing og hjelp til familiane, skriv rådmann Knut Terje Rekve.
Han føreslår difor at to nye årsverk blir oppretta. Årsverka vil bli nytta til "oppfølging av meldingar, og til å sikra at ein held tidsfristar, samt gje fleire familiar hjelp i heimen for å førebyggja kostnadskrevjande plasseringar".
Om dette vert vedteke vil bli klart i løpet av budsjettprosessen, som får sin konklusjon i kommunestyrets siste møte før jul.