Oseana får no nytt styre.
Oseana får no nytt styre.

Tidl. Grieghallen-direktør innstilt som leiar for Oseana

Terje Søviknes trer av som styreleiar, og Gert Atle Gundersen er innstilt som ny leiar.

- Det har vore ei fantastisk reise å vera med frå ideen om Oseana vart unnfanga i 2006 og fram til i dag, 10 år seinare, sa Terje Søviknes då han annonserte sin avgang i sist formannskapsmøte.

- Etter nokre krevjande rundar kring oppstarten, er Oseana no der ein skal vera. Huset er i ferd med å setja seg i forhold til kva ein skal bety for Os og bergensregionen, sa Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye styreleiaren

Ei valnemnd beståande av Marie Bruarøy (H), Laila Reiertsen (Frp) og Jon Sivert Rykkel (V) har sett saman eit framlegg til nytt styre for Oseana. Som forslag til styreleiar har dei noverande styremedlem Gert Atle Gundersen.

Gundersen var administrerande direktør i Grieghallen AS i 17 år, før han gjekk av i fjor haust.

Det øvrige styret

Med seg i styret får Gundersen Gustav Bahus, Hilde Jensen, Janicke Mitsem, Torbjørg Brattabø, William Lindborg og Bjørn Stian Bjoarvik.

Kommunestyret i Os får saka til behandling førstkomande onsdag, 22. juni.