Krigsreporter i nostalgifella
Det at skulen i Fusa, og i dette tilfellet Fusa ungdomsskule og Holdhus skule, blir framstilt som om tida har stått stille dei siste 25 åra, kan ikkje få stå uimotsagt, skriv Kristin Holmefjord Tegland.
LESARBREV: Hadde Sigvald Sveinbjørnsson og fotografen tatt seg tid til å koma innom nokre av oss som bur i Fusa, då han vitja kommunennyleg, ville han sett at det er ikkje berre i skulen tida har stått stille sidan han flytta: Her lever me som då, utan mobiltelefon og internett. El-bilar og nettbrett har me berre høyrt om, og stemmer det verkeleg at skulemateriell frå 1963 er utdatert? Kva er det eigentleg Sveinbjørnsson vil med kommentaren sin om Fusa og fusaskulen anno 2015 i BT torsdag 29. oktober?
Det at skulen i Fusa, og i dette tilfellet Fusa ungdomsskule og Holdhus skule, blir framstilt som om tida har stått stille dei siste 25 åra, kan ikkje få stå uimotsagt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fusa ungdomsskule har tatt vare på noko materiell frå skulen var ny. Det vitnar om at dei verdset historia si og ikkje at skulen har sakka akterut. Viss Sveinbjørnsson og fotografen hadde fått sett foten innanfor dørene på Holdhus skule, ville dei sett ein skule som har utvikla seg både innhaldsmessig og når det gjeld inventar. Smartboard i alle klasserom og pcar nok til å driva god undervisning, eit oppdatert og dedikert personale som kvar dag strekkjer seg langt for å gje borna våre det dei har krav på, på tross av for lite pengar frå kommunen. Eg skulle ønskt Sveinbjørnsson hadde fått sjå det, og ikkje la seg farga av minne frå nittitalet og politikarar som, ja, driv politikk.
At ordføraren i Fusa vel å dra fram det låge elevtalet i første klasse i år, får so vera. Han taler for si sak og sitt syn, men at Sveinbjørnsson tar agnet utan å sjekka om det seier noko om elevtalet i Fusa generelt, er svak journalistikk.
Snittet for 1.-7. klasse i Fusa er ca 52 elevar pr årssteg, altså det dobbelte av talet som blir brukt her. No vil vel Kvåle hevda at det òg er for lågt til å oppretthalda skulestrukturen, men det rettferdiggjer ikkje å koma med tal som gjev eit heilt feilaktig bilete.
Elevundersøkingar og resultat frå nasjonale prøvar viser at skulen vår er heilt på høgda. Det same gjer det faktum at det er rekordlågt fråfall i den vidaregåande skulen i Fusa. At Sveinbjørnsson synest det var kjedeleg på skulen for 25 år sidan er ikkje eit godt argument for å leggja ned skular i Fusa, eller nokon annan stad. Forsking viser at det er andre forhold enn skulestorleik som er det viktigaste for å få ein kvalitativ god skule med god trivsel. Det har me tru på at me har klart og skal klara i Fusa.
For mange osingar og bergenserar er nok Fusa ein stad langt vekke, på sett og vis stemmer det, men det tar ikkje meir enn knappe 30 minutt frå kommunegrensa nord i Fusa før ein er i Bergen kommune, eller ca 45 minutt før ein er i Sædalen. Og skulle det bli fullt på skulen i Sædalen er det berre å setja elevane på buss til Fusa, det tek kortare tid derifrå enn frå utkantane av Fusa til kommunesenteret i Eikelandsosen, dit fleirtalet av politikarane i kommunen vil senda borna våre.
Er det herleg å vera midt i kampsona, slik det blir beskrive av Sveinbjørnsson og vidare av Frode Bjerkestrand på Twitter? Innbyggjarane i Fusa ønskjer seg nok heller ei fredeleg løysing og skulle ønskja at både BT og lokalavisa ikkje heller bensin på bålet.
Fusa er er altså ikkje ein kommune som har blitt att på nittitalet. Når Sveinbjørnsson tilsynelatande trur det, har han sett mest innover i sitt eige hovud på besøket i Fusa, og ikkje observert slik ein ventar av ein bladmann. Fusa har fått hurtigladestasjon for el-bilar, og store delar av kommunen har 4G-dekning. Dei fleste husstandar har no fiber i veggen, noko som vel ikkje er tilfellet i storbyen.
Me veit ikkje so mykje om dei som ikkje vel å flytta til Fusa, men dei som kjem, kjenner me. Dei seier ofte at bygdeskulen var viktig for dei i flyttevalet. Dei ønskjer at borna skal kunna gå til skulen og veksa opp i eit trygt miljø. Fusa er ikkje ein fråflyttingskommune. Folketalet er rimeleg stabilt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og til sist - svaret på Sveinbjørnssons spørsmål: Trur dei at folk no til dags vil ha borna på ein skule med berre eit par medelevar i klassen, i rom der tida har stått stille? Me har vel slått fast at tida ikkje har stått stille i Fusa heller, og spørsmålet om talet på medelevar er underordna, både når det gjeld kvaliteten i skulen og for oss i Hålandsdalen i dag. Skulen på Holdhus har aldri vore større. Elevtalet er på over 70 elevar, altså eit snitt på 10 elevar pr klasse, skulen har hatt ein elevtalsvekst på 40% sidan Sveinbjørnssons tid her. Det er vekst i bygda vår - og i fleire bygder i Fusa. Det håpar me held fram, til tross for svartmåling frå politikarar og negativ hjelp frå lokalavis, og no utflytta fusingar med spalteplass i regionsavisa.
Velkomen til Fusa! Her er det godt å leva for store - og små!
Kristin Holmefjord Tegland Øvre Hålandsdal