Rema 1000 Kuven kjøpmann Trond Hope.
Rema 1000 Kuven kjøpmann Trond Hope.

Butikkane har aldri opplevd maken

Daglegvarekjedene kjempar ein hard kamp om å vera billegast. - Eg har vore med på ein del priskonkurransar, men ingen som denne, seier kjøpmann i Rema 1000 Kuven, Trond Hope.

Priskrigen starta førre mandag, og har eigentleg berre balla på seg sidan då. Ein stor pristest på julevarar som VG gjennomfører kvart år, skal vera stor del av grunnen til at matvarebutikkane krigar som dei gjer. I starten var det stort sett dumping av prisar på juleprodukt, men slik er det ikkje no lenger.

- Tradisjonelt sett er det sesongvarer priskonkurransen er hardast på. Slik det er no, kan i teorien alle varer koma på "sjokk-sal". Eg har ikkje sett maken til prisnivået som enkelte varer ligg på i år. Eg var lunken til å kalla det krig i starten, då det er eit negativt lada ord, men eg må vel kunne kalla det krig slik det har utvikla seg. Det er ein god konkurranse, smiler Hope.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan gå tom for enkelte varer

Regionsjef Kiwi Vest, Jan Olav Mjøs, fortel at dei har som ambisjon å vera billegast, og gjer det som må til for å nå det målet.

- Kjem de til å dumpa prisar fram til jul?

- Me køyrer på så lenge denne krigen varer. Me skal ha lågast prisar. Det er tydeleg at det er fleire som har det same målet. Me køyrer på vidare, og jobbar for å halda prisane nede, seier han.

Jan Olav Mjøs - regionsjef Kiwi Vest.
Jan Olav Mjøs - regionsjef Kiwi Vest.
Øystein Kahrs - administrerande direktør i Coop Extra Hordaland
Øystein Kahrs - administrerande direktør i Coop Extra Hordaland

Det har òg vore snakk om at butikkane kjem til å gå tom for enkelte varer, og at dei ikkje kjem til å få inn nye parti før jul.

- Det stemmer. Dette gjeld juleprodukt. Nokre sesongvarer er tinga alt i sommar, på bakgrunn av prognosar frå tidlegare år. Då er det ein risiko for at leverandøren går tom for nokre varer, seier Mjøs.

Kan ikkje forsyna kioskar

Hos Coop Extra, som er tredjepart i priskrigen, har dei hengt opp lappar i butikken på enkelte produkt. Der forklarer dei at ein ikkje får kjøpa meir enn eit visst tal av enkelte varer. Dei ønskjer nemleg at alle skal få nytta dei gode tilboda før dei går tom.

- Me gjer det ikkje for å vera kjipe med kundane. Det er meir for å sikra oss mot at kioskar og restaurantar kjøper inn månadsforbruket sitt i våre butikkar, fordi det er billegare enn hos grossisten, seier administrerande direktør i Coop Extra i Hordaland, Øysten Kahrs.

Han vedgår at han helst skulle vore priskrigen forutan.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er eigentleg for dumt at me skal kjøpa inn varer for å selja dei til ein brøkdel. Det er klart at innteninga ikkje er den beste denne månaden. Samstundes er det mest viktig for oss å vera konkurransedyktige, og ikkje minst så er dette kjekt for forbrukarane våre, seier Kahrs.

Godbitar til røvarpris

Hos Rema 1000 er det ingen slike lappar, men også der er det ein risiko for å bli stoppa om ein kjøper store mengder av ei vare på tilbod.

- Me kan til dømes ikkje "serva" alle pizzarestaurantane i Os med kveitemjøl. Det får dei ta gjennom ein grossist, seier Hope.

Kiwi gjer som Rema, og tek det litt etter skjøn. Mjøs fortel også at kundane set pris på priskrigen.

- Dei synest det er kjekt å få med seg nokre godbitar til ein røvarpris. Priskrigen som me er midt oppi no, er heilt ekstraordinær. Eg kan ikkje hugsa å ha opplevd liknande konkurranse, seier Mjøs.

Julegris til seks kroner

Då me vitja Rema 1000 for å snakka med Hope, kunne han fortelja at prisane forandrar seg heile tida. Han er glad for at prisskifta skjer elektronisk, og at dei ikkje er avhengige av å hengja opp plakatar.

- Då hadde me aldri greidd å halda følgje. Berre sjå her, seier han og peikar på datamaskinen.

Der er det ei liste med varer som vert oppdatert hyppig.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Noko av det siste som har skjedd er at julegris av marsipan er nede i seks kroner. Han kostar eigentleg kr 22,90, seier Hope.

- Reitan ryddar opp

I Rema 1000 er det slik at kvar kjøpmann eig sitt eige driftselskap. Slik er det ikkje i Kiwi eller Coop, der kjedene eig sine eigne butikkar. Likevel er det Hope som verkar minst bekymra over at han taper pengar på selja varar til sjokk-pris. Rema 1000 er også den einaste butikken i Os, i alle fall av dei me vitja, som marknadsfører priskrigen med plakatar i og utanfor butikken.

- Eg veit ikkje kor mykje eg tapar på dette, men det fokuserer eg heller ikkje på. No dumpar me prisar. Reitan ryddar opp etter seg, og eg stolar på systemet, seier Hope.

Han har også fått med seg at bønder klagar over priskrigen til VG. Dei reagerer på at produkta deira vert selt til gje-bort-pris.

- Eg forstår ikkje kvifor dei klagar. Dei får pengane sine, og i tillegg sel dei meir enn dei ville gjort til vanleg.

Kundane må ta rekninga?

Det er blitt spådd at forbrukarane blir dei som må ta rekninga grunna priskrigen. Blant anna Bunnpris-arving og kjøpmann, Christian Lykke, seier til VG at han trur at butikkane vil skubba tapet over på forbrukarane. Men i følgje Kahrs kan osingar, fusingar og forbrukarar generelt, slappa heilt av.

- Det er me som tek tapet. Påstanden frå Bunnpris stemmer ikkje, seier Kahrs.

Coop-mannen er van med at det er priskrig, men heller ikkje han har opplevd liknande tilstandar som i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er alltid ein viss konkurranse, men i år har det tatt heilt av. Det har aldri vore på dette nivået tidlegare. Sjølv om me tapar pengar på priskrigen, er det kjekt å kunna konstatera at me har god salsvekst elles, seier Kahrs.