Terje Søviknes i hardt vêr
Olje- og energiministeren blir fillerista av aviser etter deling av islamkritisk video på Facebook.
Laurdag kveld delte Søviknes videoen på si facebook-side. Videoen viser ein rektor ved ein skule søraust i Irak som slår små born oppstilt på ei rekkje, med flat hand og med eit røyr. Videoen har tittelen «Born blir misbrukte i islams namn».
– Ille ... Sånn skal det ikke være – blir forbanna, skreiv statsråden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fjerna video
Etter kraftige reaksjonar fjerna Søviknes videoen søndag morgon. Fleire aviser, blant dei Aftenposten, NRK, BA, VG og Nettavisen, kritiserte ministerens deling. Tidlegare journalist i Os og Fusaposten, Øyvind Strømmen,uttalte til BA at Søviknes burde visst betre.
- Britain First er ei nasjonalistisk og sterk antimuslimsk rørsle som brukar provokasjonar som sin taktikk, sa Strømmen.
Det politiske partiet Britain First ønskjer blant anna å avvisa alle asylsøkjarar, gje økonomisk støtte til dei av utanlandsk opphav som ønskjer å forlata landet frivillig, og forby islam i Storbritannia.
Innhaldet var poenget
Søviknes sa at poenget ikkje var kven som hadde delt videoen først, men innhaldet i videoen, som altså viser vald mot born.
– Det viktigaste var innhaldet i videoen, og det er avskyeleg. Dette er vald mot born, i dette tilfellet vert det brukt kollektivt mot heile rekkja. Som far reagerer du på det, sa Søviknes til Aftenposten.
Han viste vidare til at han ikkje er ein fast følgjar av Britain First, men at ein av hans facebookvener hadde delt videoen som er sett over 10 mill. gonger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje Iraquinews.com fekk rektoren som slo born, Khalil Razoqi, sparken i 2015 og får aldri meir vera lærar som følgje av valden.