Smil og endorfina' med zumba i kantina
Det vert heitt under taket når «Studio Dance Os» inviterer til «smile dance fitness» og Zumba i kantina på Os ungdomsskule laurdag.
- Eg er stolt og glad over at så mange tok turen til dansetimane her i dag. Dette skal bli ein fin tradisjon. Frå no av tek me laurdagane i lag her, smilte Nilsen Viegas då han presenterte seg i kantina på Os ungdomsskule laurdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Smittande smil
Før sjefen sjølv entra linoliumet hadde Candida Sylta eit tre kvarter langt zumba-innslag. Osingen, som tidlegare instruerte på Susan Askviks zumba-trening på Nore Neset, tok dei 40-50 danseglade med storm. Humørperla gav av seg sjølv, og dei frammøtte kunne ikkje anna enn å smila tilbake.
- Ho er heilt utruleg. Ho berre osar energi og glede, skryter Charlotte Gabrielsen.
Med seg hadde Candida tiåringane Angelica Tveit Håvardstun og Sofie Skulstad Størksen. Jentene fungerte som sideinstruktørar.
- Dette er englejentene mine. Dei er så flinke, og det er kjempemoro å få ha dei med her i dag, seier Candida.
Jentene har gått fire år på Susan Askviks kurs på Nore Neset, og ser ikkje bort frå at dei kjem attende til Studio Dance Os sitt laurdags-prosjekt på ungdomsskulen.
Eigna lokale
Leiar for Studio Dance Os, Andri Håvardstun var både letta og glad over det store frammøte. Ho ser for seg at laurdags-samlingane på ungdomsskulen kan bli kjempekjekke.
- Dette skal vera ein sosial møteplass. Ikkje berre for dans, men for å ha det hyggjeleg i lag, seier ho.
- Ja, me skal setja fram kaffi til dei som berre vil sjå på. Folk kan møta for å dansa, eller berre for å hyggja seg med god musikk. Målet er å skapa eit miljø, seier Nilson Viegas.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei fleste som var innom hadde klare planar om å koma igjen.
- Dette er jo kanonmoro. Det er klart det gjev meirsmak, seier Elisabeth Jemisond.
Kantinelokalet fungerte heilt greitt under prøvetimane på laurdag. Sjølv med eit tjuetals fleire deltakarar vil det vera ok med plass.
- Det einaste minuset i dag er skurringen på anlegget. Eg trur me må få tak i ein ny kabel til neste laurdag, seier Andri.
Mannfolka sakna
I pausen mellom zumbaen og Nilson Viegas'«smil dance fitness» prata underteikna med eit par av dei meir vaksne deltakarane. Gjengen måtte vedgå at dei var litt skuffa over at ikkje ein einaste mann hadde teke turen.
- No skreiv jo «Os og Fusaposten» i førehandssaka at at mannfolka var ønska, men det ser ut til at dei ikkje vågar. Me får prøva å få mannfolka våre med neste gong, ler Anette Brunvatne og får lattermilde nikk frå dei andre rundt bordet.
- Det er sjølvsagt ønskjeleg å få mannfolka med også. «Smile dance fitness»-dansen er meir maskulin og røff og vil passa dei perfekt. Eg håpar dei vert freista når dei les saka di, seier Nilson Viegas.
Full guff
Eit knapt kvarter etter tok danse-sjefen styringa ved vindauga i kantinen. Den tidlegare europameistaren i salsa bruker lite tid på prat og forklaring. Her skal det dansast, og det er inga tid å mista.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg viser, så følgjer dykk etter. Me tek ingen drikkepausar. Her skal det sveittast skikkeleg.
To sekund etter er han i full gang. Roper ut komandoar på engelsk og syngjer med musikken. Tempoet er høgt, men dei fleste hengjer bra med. Etter kvart som koreografien sit, hiv han på med nye elementer.
Eit kvarter ut i økta får me også svaret på kvifor han kallar dansen sin for «smile dace fitness». Etter kvart som trinna sit, byrjar smila og spreia seg rundt i lokale. Sjølv er Viegas nærast som i transe. Han smiler, roper, syng og dreg med seg gjengen.
- Går det an å få ein betre start på laurdagen enn dette, spør han retorisk medan sveitta silar frå panna.
Dei nærare 50 bak han ser så absolutt ut til å tankja det same.