Johannes Håkonsund syner kvar inngangen på fjellhallen omtrentleg vil koma.
Johannes Håkonsund syner kvar inngangen på fjellhallen omtrentleg vil koma.

Her kjem inngangen til fjellhallen

Johannes Håkonsund er leiar for det største byggjeprosjektet i Os. Fjellhallen som skal husa OHARA vil vera eit kvantesteg for VA-sektoren. Komande veke startar sprenginga.

- Det anlegget me har i dag reinsar ikkje ein gong godt nok i forhold til gårsdagens krav. Så det nye reinseanlegget vil vera eit stort steg framover, seier Johannes Håkonsund, som er prosjektleiaren for Os hovudavlaupsreinseanlegg (forkorta OHARA) med ei kostnadsramme på 365 mill. kroner (eks. moms.)

Spanande arbeid

- Korleis er det å bera ansvaret for eit så stort prosjekt?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det går greitt. Men eg synest det er spanande å vera med på noko så stort. Fjellanlegg var noko eg jobba med også tidleg i karrieren, seier Håkonsund.

Han viser oss rundt på det som ganske snart skal bli ein anleggsplass med yrande liv. Alt no er nokre maskiner rulla fram og det er merka av kvar i terrenget fjellhallen skal ha innslagspunkt på Moberg.

Håkonsund har kanskje ikkje vore den som har vore mest framme i offentlegheita, men han har vore involvert i ei rekkje VA-prosjekt i Os dei siste 12 åra. Det nye vassbehandlingsanlegget er nok det største av dei, men også det krympar litt i storleik målt opp mot OHARA-prosjektet.

Fjellhallen vil liggja på 15 m.o.h., eit godt stykkje under nivået på Liafjellstunellen og husa på Kuhnle.
Fjellhallen vil liggja på 15 m.o.h., eit godt stykkje under nivået på Liafjellstunellen og husa på Kuhnle.
Onsdag var det folkemøte om Ohara.
Onsdag var det folkemøte om Ohara.

- Den største skilnaden er sjølvsagt at me her snakkar om eit fjellanlegg. Det skal sprengast og transporterast vekk 100.000 kubikkmeter med stein. Store deler av massane skal brukast til å fylla ut nede i Greidalen. Anleggsarbeidet vil pågå i om lag 15-16 månader, seier han.

Folkemøte

- Naboane som møtte opp på folkemøtet i Oseana torsdag, er uroa over korleis det blir å bu midt oppe i alt dette?

- Ja, forståeleg nok. Me har blant anna plassert ut instrument som måler kor store rystingar som vil finna stad på ulike lokasjonar. Så me skal følgja nøye med. Vår vurdering er at det generelt er liten fare for sprekkdanning og skadar i grunnmurar og på bygningar med dei restriksjonane som vert sett, seier Håkonsund, som var med på folkemøtet.

- Kva er det fyrste som skjer no?

- No vert det sprenging nede ved Kuhnlevika der anlegget skal få utslepp. Om ca to veker tek sprengearbeidet til her oppe på Moberg. Men før dette må me leggja om straumforsyninga til Liafjellstunellen som i dag går gjennom området.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ferdig i 2019

I år og til neste år vil arbeidet i fjellet halda på, og våren 2017 vil bygginga av reinseanlegget ta til. I 2019 vil heile anlegget stå ferdig. Då skal Os brannstasjon få felles innkøyring med anlegget, medan dagens innkøyring til brannstasjonen vert fjerna. I tillegg skal brannstasjonen få ein separat naudutrykningsveg berre til denne bruken.