Askeladden Boats, her ved Jonathan Dyrstad, har hatt eit kanon-år.
Askeladden Boats, her ved Jonathan Dyrstad, har hatt eit kanon-år.

Dei 100 største Os-verksemdene

Lista over dei største verksemdene i Os, viser at Askeladden Boats hadde eit formidabelt år i 2015. Sjekk heile lista her!

Rekneskapstala for 2015 er klare, og Os og Fusaposten presenterer her dei 100 største målt i driftsinntekter. I årsom i fjor er Bøe & Lepsøy AS og paraply-selskapet Tyrlannaøvst på lista med ein omsetning på ca. 280 mill. kroner. Selskapet driv med tomteutvikling og bustadbygging, ein bransje som gjer seg tungt gjeldande på lista. Elles er den maritime næringa, private barnehagar og daglegvarehandelen dei største næringane på lista.

Oppdrett og båt

I høve til fjoråret, ser ein at det er blitt fleire verksemder med over 100 mill. kroner i omsetning.Marine Constructions AS har teke eit kraftig steg framover og hadde i 2015 104 mill. kroner i omsetning, mot 93 mill. året før.Askeladden Boats har hatt eit endå betre år, og gjekk frå 83,7 mill. kroner i omsetning til 109,4 mill. kroner. Veksten er dermed på meir enn 30 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

MX Sport i kraftig vekst

Ein som ikkje har figurert på blant dei øvste tidlegare, sjølv om dei har vore store lenge, er Skeie-brørne si sportsbutikk-kjede MX Sport. Med 143,6 mill. kroner i omsetning går dei rett på lista som Os si 6. største verksemd. I fjor omsette dei for 126 mill. kroner.

Årsaka til at dei ikkje har vore med på lista tidlegare er, at dei tidlegare hadde forretningsadresse Blomsterdalen. Etter at dei i maiflytta inn i Lidl-lageret, har dei altså fått forretningsadresse i heimkommunen.