Spelte skodespel for foreldra
Søre Øyane naturbarnehage markerte barnehagedagen med eventyr og skodespel i skogen.
Søre Øyane Naturbarnehage markerte som vanleg barnehagedagen med aktivitetar ute.
Sidan årets hovudtema er «Les for oss», vart foreldre, besteforeldre, sanitetsforeining og andre samarbeidspartar inviterte med på eventyrlege opplevingar i barnehagens regi.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fire- og femåringane på Homrahølo baud på eventyrstund i Trollskogen ved Nellybuo. Publikum fekk sjå og høyra «Eventyret om Skinnvotten». Sjølvsagt dramatisert av borna på avdelinga.
Etterpå vanka det omvisning på området. Også dette tok borna seg av.
Til sist åt alle saman lunsj i Nellybuo.
Prosjekt turløype
Førskoleborna på Kobbavågen har i vel halvtanna år arbeidd med «Prosjekt Eventyrløype» i Søramarkjo. Då var det heilt naturleg for dei å markera dagen der.
Løypa strekkjer seg frå «Inka» mot Kobbavågen, og i løpet av turen møter ein tre ulike postar: Reven Kitty, Haren Harald og Skilpaddo Ruth.
Heilt til sist treffer ein på Mamma Bjørn som står nærmast Kobbavågen.
Ved kvar post er det ein postkasse der det ligg eventyr og songar som passar til dyra. Her er det også ei bok som alle turgåarar kan skriva ei lita helsing i.
Vêret var ikkje det beste denne tysdagen, men ein god
Artikkelen held fram under annonsen.
gjeng på 39 besøkande trassa den sure vinden og vart med borna på tur.
På løypas høgaste punkt, Stallen, bur skilpaddo Ruth og haren Harald. Her fekk gjengen høyra pedagogisk leiar Renate og borna fortelja eventyret om «Flekkmonsteret som bygger harefelle» av Vetle og Hallgeir Opedal.
Tre bukkane bruse
Markeringa vart avslutta i barnehagen der dei yngste barna dramatiserte kvar sitt eventyr.
Småbarnsavdelinga Fyr`N har jobba med Bukkane Bruse. Tuva, Sandra og Olai hadde rollane som dei tre modige bukkane, og Nina hadde rolla som det skumle trollet.
På fotballbana fekk vi sjå borna på Blokkebærhaugen visa Gullhår og dei tre bjørnane.
Mariela var Gullhår som gjekk åleine ut i skogen og inn i huset til bjørnane.
Sjå biletserie på osogfusa.no