Bles liv i gospelnighten igjen
I årevis var gospelnighten i Os kyrkje ein stor happening. No bles dei liv i tradisjonen igjen.
Ungdomssatsinga i Os Kyrkjelyd er viktig. Denne hausten har dei teke grep for å gjera ting litt annleis og spesielt.
– Me har kutta ut klubbkveldane og i staden satsa på meir spesielle happeningar. Det håpar me vil fengja ungdomen og syta for at fleire kjem når me først arrangerer noko, seier frivilligkoordinator og Join Us-ansvarleg i Os Kyrkjelyd, Inger-Johanne Haugland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med lovsong-band
Denne hausten blir det totalt tre ungdomshappeningar. Den første – eit trylleshow – fann stad i september. No i oktober blir det altså gospelnight, og i desember blir det lysmesse.
– Lysmessa blir onsdag 12. desember. Dette hadde me også i fjor, og det var utruleg vakkert. 40-50 lysberarar i ei mørk kyrkje, mykje god musikk og kveldsgudsteneste. Me gler oss til å gjenta det.
Fredagens gospelkveld går av stabelen i kyrkja. Med lovsongband frå Kongshaug og Os Kyrkjelyds eige Join Us-kor.
– Koret vårt leier an, men på gospelnight skal jo alle syngja med. No gjeld det berre å finna låtane som fengjar ungdomen. Eg hugsar jo berre dei gamle, eg, humrar Haugland.
Pizza og samver
Til å leia gospelkvelden har Haugland fått hjelp av to flinke ungdomar.
– Isabell Renè Aase og Marius Halland blir «programleiarar» for kvelden
Etter gospelkvelden inviterer kyrkjelyden til sosialt samvær for ungdomen.
– Då blir det pizza, spel og aktivitetar i Tunet, seier Haugland.
Artikkelen held fram under annonsen.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no